– Den globale utviklinga gjer at sjømatnæringa meir enn nokon gong er avhengig av at WTO framleis kan vere eit instrument for framtidsretta handelsregelverk, og ein garanti mot einsidige handelstiltak, understreker Ystmark.
Noreg står utan handelsavtalar med dei seks største økonomiane og dei største regionale samanslutningane i verda.
– Med TTP og TTIP på plass vil 60 prosent av verdshandelen skje innanfor eit system Norge ikkje er deltakar i. Det er ein alvorleg situasjon for norske sjømatbedrifter som eksporterer meir enn 95 prosent av alle sine varer, seier Ystmark.
Sjømat Norge gir ros til Regjeringa for forhandlingsviljen som er vist på dette møtet, og som reflekterer at Noreg er avhengig av eit sterkt multilateralt regelverk.
Innhaldet i ministerklæringa frå møtet inkluderer område som eksportstøtte på landbruksprodukt, import av varer frå minst utvikla land, handel innanfor informasjonsteknologi m.m.
– Det mest sentrale for sjømatnæringa er likevel at ministererklæringa frå Nairobi gir retningsliner for det vidare arbeidet i WTO og forpliktar medlemmane til framleis å føre forhandlingar om mellom anna handel med industrivarer, inkludert fisk og fiskvarer og regelverk, herunder regelverket for antidumping, sier Ystmark.
Les meir på Regjeringen.no
Kontakt:
Geir Ove Ystmark, adm. direktør – tlf. 48 12 71 55
Kristin Alnes, fagsjef – tlf. 91 82 35 81
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Det er bra at regjeringen har lyttet til høringsinnspillene og ikke satt krav til oppsamling av organisk...
Regjeringen har sendt på høring et forslag til forskrift som krever at minst 90 prosent av energibruken på...
Det er med stor sorg vi nylig mottok budskapet om at advokat Trond S. Paulsen etter et...