Kraftig ned for makrell og sild


Publisert 29.09.2017 av Øyvind André Haram Sjømat Norge Industri og handel

Havforskarane er svært tydelege for neste års makrell- og sildefiske. Kvotane bør nesten halverast. - Dette blir svært krevjande for industrien, seier fagsjef i Sjømat Norge.

Kyrre Dale, fagsjef pelagisk i Sjømat Norge. Foto: Sjømat Norge.

Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) la fredag 29. september 2017 fram sine råd om fiske etter makrell og norsk vårgytande sild. Forslaget inneber ein kraftig reduksjon.

For makrell er kvoterådet ei halvering av fisket til neste år. For sild er kvoteanbefalinga 15% ned. Kolmulestammen er stadig sterk, og kvoterådet for 2018 er at det kan fiskast litt meir kolmule til neste år, nærmare 1,4 millionar tonn.

– Lågare kvotar og stor variasjon frå år til år er krevjande for fiskeindustrien som skal produsere og selje varer i den internasjonale marknaden, seier Kyrre Dale, fagsjef industri i Sjømat Norge.

Fiskepress
Forskarane meiner at sviktande rekruttering til bestanden og høgt fiskepress gjer det nødvendig å redusere uttaket av makrell og norsk vårgytande sild.

– Utfordringane er at kyststatane som fiskar på desse slaga i våre havområde, ikkje har vore samde om fordelinga. Dette gjeld for forvaltinga av makrell og norsk vårgytande sild dei siste åra, seier Dale som no meiner ein ser konsekvensane.

– Det har blitt fiska meir nvg-sild og makrell enn det havforskarane har tilrådd. No ser vi konsekvensane. Samstundes seier også forskarane at det er dårleg rekruttering av både sild og makrell.

Tek seg til rette
Færøyane braut ut av sildeavtalen og har auka sildefisket sitt i fjor. Island står utanfor makrellavtalen og opererer på eiga hand.

– Vi meiner at desse statane ikkje kan halde fram med å ta seg slik til rette. Det hastar med å få på plass avtaler som kan få fisket inn i meir kontrollerte former, seier Kyrre Dale.

Kyststatane møtast til drøftingar om forvaltinga og fordelinga av makrell, kolmule og norsk vårgytande sild i oktober, og dei endelege kvotane blir fastsett mot slutten av året.

 

Vil du vite mer?

 
Kyrre Dale
Kyrre Dale
Fagsjef industri og handel
Mobil: 913 76 551

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø

Større, viktigere og vanskeligere

Alle skal trygt heim etter jobb

Havbruk, mye mer enn bare laksen

Vi søker juniorrådgiver

Sjømat Norges Årsarrangement 2024

Bergen: Dagskurs i standardbetingelser for tilvirkningskjøp i havbruksnæringen (STH 23)