Med støtte frå Hovedorganisasjonane sitt fellestiltak, ønskjer Sjømat Norge å sjå nærmare på korleis framtidas sjømatproduksjon blir. Alle medlemsbedrifter er difor invitert til å setje seg ned rundt bordet for å kartlegge utfordringane.
– Enkelt forklart handlar dette om at ein frå leiinga og ein frå tillitsmannsapparatet set seg ned og ser inn i krystallkula. Vi vil kartlegge kva kompetanse og behov som trengst. Vi er nøydt til å møte utfordringane, seier Øyvind Andre Haram, ansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge.
Saman med NHO Mat og drikke og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelforbund (NNN), inviterast matproduserande bedrifter til to dagars workshop i desember.
– NHO sitt kompetansebarometer seier oss at 60 prosent av mat og drikkevareindustrien sine bedrifter har implementert eller har store planar om å ta i bruk ny teknologi og robotisering, seier Haram.
90 prosent av bedriftene seier vidare at dei ønskjer å møte framtidig kompetansebehov ved å leggje til rette for kompetanseutvikling i bedrifta.
Saman
Alle bedrifter frå heile landet inviterast inn til workshopen som vil arrangerast på Gardermoen 5. – 6. Desember. I første rekkje er workshopen eit forprosjekt, som kanskje og kan føre vidare til eit større hovedprosjekt i HF-regi..
Målet er å bidra til at bedriftene i næringsmiddelindustrien, gjennom et godt partssamarbeid kan:
Ønskjer du å delta?
Vil du lese mer?
Sjømat Norge er svært tilfreds med at Sjøfartsdirektoratet har lyttet til havbruksnæringens behov i arbeidet med ny...
Meld deg på nå for å sikre plass og overnatting! Årskonferansen I en urolig og uforutsigbar verden...
skeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss har invitert hele fiskerinæringen til å stå sammen om en ny...