40 millionar måltid, kvar dag


Publisert 04.01.2023 av Øyvind André Haram Sjømat Norge Havbruk Industri og handel

Årstala for Norsk sjømateksport vart tysdag 4. januar offentleggjort av Norges Sjømatråd. Den syner altså nok eit rekordår. Opp 25 prosent, eller rettare sagt opp 30,7 milliardar frå 2021. Reknar ein om dette til sjømatmåltid, vert det 40 millionar måltid kvar dag.

– Ja vi kunne skapt meir her i landet av norsk sjømat, seier Stine Akselsen. FOTO: Sjømat Norge.

– Det er sjølvsagt fantastiske tal å glede seg over. Samstundes er det litt vemodig, då eg veit dette talet kunne har vore mykje større, seier direktør for industri i Sjømat Norge, Stine Akselsen.

– Kvifor?

– Hadde våre rammevilkår vore betre kunne vi ha gjort mykje meir med fisken her i landet. I staden for å sende så mykje rund heil fisk i ei kasse rett ut, kunne vi ha skapt større verdiar, seier Akselsen.

Tronge rammevilkår har vore noko Sjømat Norge har tatt opp med ei rekkje regjeringar gjennom fleire år. Seinast då Noreg forhandla med Storbritannia. Resultatet som kom etter forhandlingane etter Brexit, kunne ha vore mykje betre meiner Sjømat Norge.

– Torsk er nummer to på lista over kva type sjømat som har størst verdi. FOTO: Norges Sjømatråd

Polen, Danmark og USA

At verdien kunne ha vore langt større, visast tydleg gjennom kva marknader som tek i mot mest sjømat frå Norge. I 2022 var Polen, Danmark og USA dei landa som låg på topp.

– Det er og i desse landa vi har mest bearbeiding. Ta til dømes Polen, der det er ei rekkje fabrikkar som skaper meir av den råvara vi sender ut, seier Akselsen.

– Kvifor blir det slik?

– EU har toll på ei rekkje produkt. Dersom vi skulle gjere det same, må vi leggje på toll når vi skulle ha seld den ut av landet. Norske styresmakter har ikkje vore dyktige nok til å forhandle fram gode handelsavtalar, særleg med EU. Vi håper at dett kan gjerast noko med.

Laks er størst

Det er framleis laksen som er størst når ein deler fisk opp i ulike artar. Laksen utgjer heile 105,8 av den totale mengda på 151,4 milliardar. Torsk hadde og ei auke i 2022, men verdien er nær 100 milliardar mindre, med sine 12,2. Makrell utgjer 6,4 milliardar, så kjem aure med 5, sild med 3,9 og sei på 3,6 milliardar.

– Det er nærmast ein umetteleg marknad for norsk laks. Det beste provet på dette såg vi til dømes då norsk laks, og anna sjømat, vart utestengt til Russland i 2014. På berre eit par veker klarte ein å plassere 20 fullasta trailerar som gjekk kvar dag til andre land i verda, seier direktør for havbruk i Sjømat Norge, Jon Arne Grøttum.

Nær 100 milliarder meir, utgjer forskjellen i verdi på nr1 og nr2 på lista over typer arter og verdi frå Noreg på eksport i 2022. FOTO: Norges Sjømatråd.

– Kvifor slik interesse?

– Laks er ein internasjonal vare, som er populær både på restaurantar og i heimen. Det er sunt og godt. Å følgje trenden er som kjend noko mange gjer. Sushi-bølgja det siste tiåret har nok også noko å seie.

Usikkerheit

Sjølv om verdien på laks har auka kraftig i 2022 samanlikna med 2021 er det og stor uro i laksemarknaden, seier Grøttum.

– Vi er uroleg for framtida grunna usikkerheit knytt opp mot lakseskatten, seier Jon Arne Grøttum. FOTO: Sjømat Norge.

– Uroa knyter seg til uvisse om lakseskatten. Vi er inne i den fjerde dagen i året, vi kjem truleg til å gå eit halvår utan av vi veit eksakt korleis denne skatten blir. Regjeringa seier at den blir 40 prosent, samtidig seier den at dei vil lytte til alle høyringssvara som no er kome inn. Kva skjer? Det er det svært uvisst å vite.

Du kan lese meir om norsk sjømateksport hjå Norges Sjømatråd, som følgjer utviklinga i nær –150 land som norsk sjømat vert eksportert til.

Vil du vite mer?

 
Jon Arne Grøttum
Jon Arne Grøttum
Direktør havbruk
Mobil: 920 41 804
Stine Akselsen
Stine Akselsen
Direktør Industri og handel
Mobil: 901 27 226

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø