– Jøss, er det ikkje ei einaste krone i subsidier?
Han er ein av 17 siste års studentar tv/radio og avislinja ved Høgskulen i Volda. Lukta av saltvatn og sjømat er han langt i frå vand med. Overraskinga er difor stor når tilsette ved Marine Harvest i Vanylven på Sunnmøre fortel at norsk sjømat sjølv betaler for marknadsføringa.
– Eg har slekt frå Sunnmøre, men er helst vand med fisk i fjellvatn. Det er så fantastisk flott natur her og i det siste har eg og blitt berre meir og meir glad i sjømaten. Det er utruleg kjekt å få ein slik dag, seier student Gjermund Midtbø.
FHL inviterte nyleg journaliststudentane til ein dag med både laks, makrell, sild, klippfisk og den nye biomarine næringa. Turen starta på mærdekanten ved Stadt.
Dette må vi
Hensikta med turen er å fortelje om kor viktig sjømaten er for Noreg og ikkje minst for regionen dei for tida bur i.
– Det seier seg i grunn sjølv. Å bu to eller tre år i Volda utan å vite noko som helst om kor viktig sjømaten er for Noreg og fylket, det blir heilt feil. Når ein i tillegg veit at desse her skal ut og skrive om det som skjer i landet, burde vi eigentleg bøtleggast om vi ikkje tek eit ansvar, seier informasjonssjef i FHL, Øyvind Andre Haram.
Litt småtrøytte, sola har så vidt synt seg bak fjella, studentane tek raskt fram telefonane på fyrste stopp hjå Marine Harvest sine merder i Brudevika i Vanylven.
– Dette er eg sikker på gjev meirverdi for oss som næring. Ein heilt fabelaktig sjanse som vi sjølvsagt stiller opp på, seier regionsjef Per Roar Gjerde i Marine Harvest.
Klippfisk for fyrste gong
Etter ein tur innom slakteriet i Fosnavåg er det villfisk som står på menyen for studentane. Inger Marie Sperre, i Brødrene Sperre opnar dørene på Ellingsøya.
– Veit de at ein slik båt gjev middagsmåltid til heile Noregs befolkning på eit kast?
Sperre viser fram bilete av ein ringnotbåt og fortel både om utfordringar og stolte tradisjonar. Studentane er sjølvsagt nysgjerrige på Russland.
– Forutsigbarheit? – I vår bransje er det ikkje eksisterande. Vi er vande med å snu oss. Det er vel litt av årsaka til at eg står her i tredje generasjon.
Like etter blir studentane vist fram i produksjonslokala. Stablar på stablar med klippfisk og eit lager fylt av det som skulle vore russisk sild imponerer.
– Eg blir fascinert. Eg var aldri klar over at det var så masse fisk det var snakk om. Det er då ei historie i seg sjølv berre det, seier ei av studentane i det me vandrar ut av lokala.
Men også restane
Litt lenger inne på Ellingsøya opnar så Firmenich Bjørge Biomarin opp dørene for gjengen frå journalisthøgskulen. Fabrikksjef, Lars Magne Haram viser frem smakstilsetningar på rekke og rad.
– Vi lagar barnemat for kinesarar og tyggegummi for amerikanarar. Kvart dag smaksetter vi 3 millionar måltid, 1 milliard årleg.
Charlotte Oliversen noterer i blokka si og lurer på om ho kan kome att.
– Er det mogeleg å lage ein story på dette her? Det vil eg gjerne. Her er det da plenty av saker å skrive om etter ein slik dag.
Hadde dei så lært noko? Eit raskt søk på sosiale medium dagen i etterkant gjev blant anna følgjande resultat på Twitter:
– Spennende å være på besøk hos Brødrene Sperre i går. Pallevis av fisk som egentlig skulle vært i Russland. #perspektiv
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?
Hvordan skal havområdene forvaltes? Sjømat Norge har gitt sine innspill til Miljødirektoratet.