Sjømat er i dag ei av våre største eksportnæringar. Vasskraft, olje og fisk har i løpet av få generasjonar løfta landet inn i ei moderne tid. Norge er i dag verdas beste land å bu i, med romslege velferdsordningar, eit trygt arbeidsliv og eit helse- og omsorgssystem som ein knapt finn andre stader.
Perspektivmeldinga frå regjeringa i 2017 slår fast at vi på sikt treng ny verdiskaping i stor skala for å kunne behalde den levestandarden vi har. Det handlar om over 300.000 nye arbeidsplassar. Fleire må i arbeid og vi må skape meir.
Sjømatnæringa som løysning
I dette perspektivet blir det stilt store forventningar til dei berekraftige matproduserande næringane. Sjømat er etter mi meining den næringa som har størst potensial, og er i posisjon til å trygge velferdsstaten i framtida. Fiskeri og havbruk har tradisjonelt vore ei rein primærnæring, er i ferd med å endre seg til ein høgteknologisk merkevareindustri.
Men klarer vi å skape verdiar som er store nok til å fylle gapet når oljeaktiviteten trappas ned? Klarer vi å skape tusenvis av nye arbeidsplassar basert på dei marine ressursane?
Det er eit stort ansvar som er lagt på oss som driv fiskeindustri og havbruk, på fiskaren og på leverandørbedriftene. Kva kan vi no gjere for å utvikle ei berekraftig og framtidsretta næring bygd på fornybare ressursar?
Sjømat 2030
Desse spørsmåla har Sjømat Norge jobba med i visjonsdokumentet vårt: Sjømat 2030. Vi i næringa har involvert oss i arbeidet med å definere korleis næringa bør sjå ut i framtida – og korleis næringa skal regulerast for å møte krava som kjem.
Utgangspunktet for arbeidet vårt var å finne ut korleis våre ambisjonar passar med FNs 17 bærekraftmål. Vi fann ut at fiskeri og havbruksnæringa vil støtte opp heile åtte av desse måla.
Vi har samla oss om ein visjon som seier at den norske sjømatnæringa skal stå for verdas mest miljøvennlege produksjon av sunn mat. Vi skal levere sjømat, kompetanse og teknologi i verdsklasse. Berekraftig produksjon og innovasjon i denne næringa skal stå for Norges viktigaste bidrag til å nå FNs berekraftsmål!
Det vi i næringa jobbar for no, er at vi om 20 eller 30 år kan sjå tilbake på dei vala vi tok i 2018, og med rak rygg kan seie at dei vala vi tok var det rette å gjere.
Inger-Marie Sperre
Visjonsdokumentet stakar ut den kursen som vi meiner er rett. Det er å finne nye og kortreiste råvarer til fiskefôr. Det å finne meir klimavennlege transportløysingar. Det er å sørge for at meir av torsken blir tilverka her heime, og det å ta alt råstoff på land. Og det er å sørge for at alle i verdikjeda har gode arbeidsforhold for sine tilsette.
Rak rygg
Det vi i næringa jobbar for no, er at vi om 20 eller 30 år kan sjå tilbake på dei vala vi tok i 2018, og med rak rygg kan seie at dei vala vi tok var det rette å gjere. Det var rett for oss, for alle som jobbar saman med oss, for lokalsamfunna, for landet og for miljøet. Og det la grunnlaget for ei berekraftig og framtidsretta næring bygd på fornybare ressursar.
Forpliktar oss
Dette landet har gitt oss heilt fantastiske og unike fortrinn frå naturen si side. Rike fiskeressursar, ei kystlinje som er som skapt for å drive akvakultur. Vi har bygd sterke fagmiljø, næringsklyngjer og eit samfunn som er godt regulert og basert på at vi skal finne dei beste løysingane med den beste kunnskapen vi har.
Vi i næringa har kvardagen vår i balansepunktet mellom berekraftig verdiskaping – og berekraftig forvaltning av naturressursane. Det er i det balansepunktet vi skal gjere det som er rett – det vi kan stå for – no og for framtida.
Vi veit at det å ta vare på dei verdiane vi har i naturen generelt og havet spesielt, blir viktigare og viktigare. Det forpliktar oss, og vi er vårt ansvar bevisst.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Slik svarer Sjømat Norge og Norges Fiskarlag om midlertidig driftsordning.
Norge og Russland ble torsdag enige om en ny fiskeriavtale.
Kritisk blikk, krever og mer åpenhet. Bli med og hør hvordan laksen har det.