Søndag var siste dagen i Strandryddeuka 2022, som vart arrangert av Hold Norge Rent. Det har over to veke vore stor aktivitet og registrert hundrevis av ryddeaksjonar langs heile landet. Og på torsdag 15. september var det duka for strandryddeuka sin absolutt største ryddeaksjon, nemleg Rein Hardangerfjord. Dette prosjektet skal halde fram i fem år, for å forsøke å rense Hardangerfjorden for søppel.
Denne dagen deltok det ein stad mellom to og tre tusen frivillige langs Hardangerfjorden, deriblant representantar i frå store delar av sjømatnæringa. Sjømat Norge gjekk, saman med fleire andre sjømatorganisasjonar, i land i ei vekkgøymd vik i Ølve i Hardanger, for å bidra.
Ryddeaksjonen tok for seg ei vik som aldri før hadde vore rydda. Plasten og søppelet som ein fann, hadde låge der såpass lenge at det gjekk i eitt med jorda og heilt inn til berget fleire plassar. Eit slikt syn gjorde sterke inntrykk på fleire av ryddarane.
Ein føler seg så makteslaus når plasten ein prøver å dra opp frå jorda er så porøs at det smuldrar opp i mange små bitar, som gjer det utfordrande å få plukka med seg alt. Til lenger ned i jorda vi kjem, jo meir mikroplast, isoporkuler og taustumper kjem fram til overflata. Det er rett og slett eit trist syn.
Hanna Rørtveit, kommunikasjonssjef i Sjømat Norge
Det var i alt 25 stykk som representerte sjømatnæringa i ryddeaksjonen på Ølve. Dei andre som deltok i ryddinga denne dagen saman med Sjømat Norge var, Norges Sjømatråd, Sjømatbedriftene, FHF, Norsk Industri, Fiskarlaget, Fiskebåt, Pelagisk Forening, Aker BioMarine og Råfisklaget. Eit par timar med intensiv rydding resulterte i 1,4 tonn søppel, eit enormt tal på relativt kort tid.
Til tross for at jeg har vært med på strandrydding en rekke ganger, har jeg aldri opplevd slike mengder med søppel før. Å samle inn over ett tonn marint avfall i løpet av få timer, gjorde et sterkt inntrykk på meg.
Dag Sørli, kommunikasjonsrådgiver i Norges sjømatråd
I den vetle vika i Hardanger fann dei ansatte i dei ulike sjømatorganisasjonene blant anna dekk, campingstolar, plastkanner, fotball, sko og plastrør i alle varianter.
– Det som likevel gjorde mest inntrykk på meg, var at vi fant så mye avkappet tau. De kom i ulike lengder, og mye av det var grodd fast i bakken. Det var ikke få meter som ble fjernet. Når vi vet at noe at dette kan stamme fra vår egen næring, kjennes det ekstra givende å fjerne det fra naturen, seier Sørli.
På slutten av dagen kunne NRK og framtidshavet melde om at det hadde blitt plukka minst 17,5 tonn søppel i løpet av berre ein dag, eit tal som nok vil fortsette å stige. Etter endt telling var over 20 tonn søppel plukka.
– Det er enorme mengder, men vi er ikke overrasket, seier aksjonsleiar Kenneth Bruvik i Rein Hardangerfjord, til NRK.
Sjømat Norge oppfordrer alle medlemma sine til å ta vare på, og rydde nærområde sitt, arbeidsplassen sin, slik at vi saman slår eit slag for miljøet og eit reinare hav.
Resultatet i frå ryddeaksjonen vår kan du finne her.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Dagens dyrevelferdsmelding viser at fiskehelse må settes i sentrum, sier Sjømat Norge om regjeringens melding.
Sjømat Norge støtter at blikket vendes mot Vestlandet, men forventer at ordningen blir teknologinøytral.
Teknologi- og servicekonferansen endrer navn til SmartSjø