Torsdag ettermiddag skreiv partane under protokollen. Torskekvota for 2020 er satt til 738 000 tonn torsk og for hyse blir kvota 215 000 tonn. Det betyr 13.000 tonn meir torsk, medan det skal fiskast heile 40.000 meir hyse.

Den norske delegasjonen under årets norsk-russiske kvoteforhandlinger. Fra v Stig Meyer (Norges Fiskarlag), Kjell Ingebrigtsen (Norges Fiskarlag), Inge Arne Eriksen (Sametinget), Morten Berg (norsk forhandlingsleder, NFD), Trond Davidsen (Sjømat Norge) og Arild Aarvik (Fiskebåt).
– Det er god etterspørsel etter torsk, og auka som er avtalt for kvota i 2020 er positiv for fiskeindustrien i Noreg, seier direktør for industri i Sjømat Norge, Sverre Johansen.
Årets forhandlingar blei halde i den russiske byen Petrovodsk eit stykke nord aust for St.Petersburg. Forhandlingane førte og til at det opnast opp for ei lita loddekvote på 500 tonn til forskingsfangst. Norsk tilgang til rekefiske i russisk sone vart satt til 4500 tonn. Det vert og ei vidareføring av russisk tilgang til seifiske som i 2019.
– Kvoteauka på hyse gjer at vi får meir tilgjengelig råstoff for industrien, og det er gledeleg at hysebestanden ser ut til å vere i så god vekst. No blir utfordringa å sørgje for at vi faktisk utnytter hysekvota på ein god måte, og at vi klarer å tilverka ein større del av hysa på ein lønsam måte i Noreg, seier Johansen.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Deltagerne på årets #MerAv-seminar fikk høre siste nytt om utviklingen i de tre varegruppene grove kornprodukter, sjømat...
Velkommen til den årlige tariffkonferansen som arrangeres av NHO Mat og Drikke og Sjømat Norge. Programmet er...
Sjømat Norge har fått overlevert vandrehvalen fra klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen – et viktig symbol...