Heilt utanfor allfarveg. Så langt vest på fylkesveg 215 som ein kan kome. Neste stopp? Island. For Utvorda har havet alltid vore viktig.
– Vi veit det eigentleg, men det er så utruleg bra at vi kan ta del i eit slikt prosjekt og gjere ungane, foreldre og oss sjølve meir klar over det.
Rektor ved Utvorda oppvekstsenter, Elin Frisendal, er lykkeleg. Som ein av seks skular er ho vald ut til å få vere med på prosjektet «Velkommen av havet». Bak det heile står forfattar, biolog og formidlar Kari Helene Bachke Andresen.
– Eg ønskjer at elevane skal bli betre kjent med fisk, skaldyr, havbruk og marine artar som kan nyttast og nytast i sitt nærområde.
Aktiv støtte
Havbruksbedriftene i Midt-Norge er svært delaktige i prosjektet gjennom å ha finansiert det heile. Dei seks skulane strekker seg frå Nordmøre til grensa i Nordland. Fyrstemann ut er Utvorda som ligg i Flatanger kommune, rett vest av Namsos.
– Vi er ein skule med åtte elever og to i barnehagen. Her lev folk til vanleg tett på kvarandre, men det er svært viktig for oss å involvere oss i det som skjer rundt oss. Gjennom «Velkommen av havet» har ungane fått stille spørsmål, undra seg og lært meir, seier rektor Frisendal.
Skulane som tek del sett av to eller tre dagar til det heile. Elevane får utforske fjøra, er på fisketur, besøker lokale bedrifter og til slutt så lagast det til eit felles måltid der foreldre og venner inviterast inn.
– Det er kjempeartig. Eg får prøve nye ting og ikkje minst var det artig å fiske, seier Ronja-Ingine.
Fiskeriministeren
På kjøkkenet er eldstemann på skulen, Arn Frisendal i sjuande klasse. I følgje lærarane er det han som er «fiskeriminister» desse dagane.
– Det er artig å kunne fiske, at vi fikk nye ting vi ikkje har fått før. Så er det også artig å lære meir om korleis ein fileterer og lagar det heile.
På bordet står både hyse, lange, kveite, krabbe og meire til frå havet. Arn har filetert det meste.
– Ja, det har vore artig, men også mykje å gjere.
– Og no freistar det å arbeide med sjømat?
– Vi får sjå, kven veit. Det er i alle fall enorme moglegheiter.
FAKTA:
Vil du lese mer?
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?
Hvordan skal havområdene forvaltes? Sjømat Norge har gitt sine innspill til Miljødirektoratet.