Konferansen er ein møtestad der næring, forskning og forvaltning kan møtast, utveksle erfaring og få ny kunnskap. Også i år vert det utstillarmesse som kan vitjast heile dagen.
Før lunsj vert det plenumssesjon med mellom anna nasjonal lansering av resultatet frå prosjektet ”Ei kunnskapsbasert sjømatnæring” – eit prosjekt bestilt av Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg- Hansen.
Dessutan vert det fokus på sameksistens mellom villaks og oppdrettslaks og professor Frank Aarebrot vil gje si vurdering omkring havbruksnæringa – med overskrifta ”Rik og slem”.
Etter lunsj vert det to parallelle sesjonar med tema ”Helse og teknikk” og ”Lus og sjukdomsbekjempelse”. Her vil me ha fokus på både sjømat som ”helsekost”, tekniske aspekt omkring resirkulering samt siste utvikling når det gjeld bekjemping av lus og PD.
Sjå programmet for nærare detaljar: http://www.aqkva.no/
Vil du lese mer?
Sjømat Norge har den glede å invitere deg til et spennende frokostmøte i Oslo om fiskefôr. Utgangspunktet...
Her er Sjømat Norges svar på høring om snøkrabbereguleringer for 2025.
Dødlighetstallene i havbruk synker sammenlignet med fjorårets fire første måneder.