Nei til nekt av landingar


Publisert 14.09.2017 av Øyvind André Haram Sjømat Norge Industri og handel

Eit forbod mot landingar av makrell frå Island og Grønland vil berre ramme norsk fiskeindustri. – Vi byggjer ned norske mottak på denne måten, seier fagsjef i Sjømat Norge, Kyrre Dale.

Kyrre Dale, fagsjef pelagisk i Sjømat Norge. Foto: Sjømat Norge.

Reiarorganisasjonen Fiskebåt lanserte denne veka eit forslag om å stogge båtar frå Grønland og Island frå å levere makrell i norske hamner. Organisasjonen har bede Nærings- og fiskeridepartementet om å følgje opp. Årsaka er at Island og Grønland står utanfor kyststatsavtalen på makrell, samtidig som dei driv fiske etter makrell utanfor sine eigne økonomiske soner.

– Vi er einige om at makrellfisket som Island og Grønland driv, snarast må over i ein regulert avtale. Men vi bør ikkje sette inn eit einsidig tiltak frå norsk side som ikkje har verknad. Landingsnekt er eit svært dårleg forslag for industrien i Noreg. Ingen let fisken vere att i havet, sjølv med eit slikt forbod. Makrellen vil bli tatt opp og finne vegen til marknaden likevel, seier fagsjef industri i Sjømat Norge, Kyrre Dale.

Han viser og til dårlege erfaringar frå liknande forbod.

– Då Noreg stogga Færøyingane for nokre år sidan på same måten, bygde dei opp ein ny og effektiv industri der borte. Det har gjort sitt til at vi i Noreg har mista råstoff. Den fisken vert seld  i konkurranse med norskprodusert fisk. Vi blir med andre ord skadelidande.

Feil veg
Kyststatane står i dag utan felles forvaltings- og fordelingsavtalar for norsk vårgytande sild, kolmule og makrell. Det er likevel inngått ein avtale mellom Noreg, Færøyane og EU for makrell der desse statane er einige om samla kvote og fordelinga av denne kvoten mellom dei tre partane. Island, Grønland og Russland er ikkje ein del av denne avtalen.

– Forslaget om landingsnekt blir heilt feil veg å gå. Å sette i verk einsidige tiltak fører oss ikkje nærare ei løysing i kvotestriden, seier Kyrre Dale.

HER ER BREVET: Brev fra Sjømat Norge til departementet

 

 

Vil du vite mer?

 
Kyrre Dale
Kyrre Dale
Fagsjef industri og handel
Mobil: 913 76 551

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø