– Skal vi bli verdas fremste sjømatnasjon må grunnlaget for samarbeid mellom fartøy på havet og industrien på land endrast.
Det seier styreleiar i Sjømat Norges Inger-Marie Sperre. Norges største sjømatorganisasjon (tidlegare Fiskeri- og havbruknæringens landsforeining) organiserer fiskeindustrien langs kysten og har no hatt ein grundig gjennomgang av Sjømatindustriutvalgets rapport.
– Våre medlemsbedrifter er samstemte om at analysa ekspertutvalet har gjeve er treffande, både kva gjeld utfordringar og moglege løysningar, seier Sperre.
Endringar
Forslaga frå utvalet vart presentert like før jul i fjor. Heile denne våren har forslaga vore på høyring. I sitt høyringssvar peikar Sjømat Norge på ei rekkje utfordringar kring det å drive fiskeindustri i Noreg.
– Trygg økonomi og overskot har vore mangelvare. Dette må vi snu, og vi har tru på at betre dialog og samarbeid må til for å løyse opp.
Rammevilkår er difor eit viktig stikkord i Sjømat Norge sitt høyringssvar.
– Det viktigaste er stabil adgang til marknadane og tilgang på råstoff. Her er det nok å ta tak i. Vilkåra må sjølvsagt være like for alle næringsaktørar. Utvalet legg opp til endringar, noko vi støtter, seier Sperre, som og legg vekt på rammevilkår som legger til rette for innovasjon og fleksibilitet.
– Ein konsekvens av betre samspel og rammevilkår som legg lit rette for markedsbasert hausting, gir og betre kvalitet på det vi leverer. På den måten kan vi nå målet om verdas fremste sjømatnasjon.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?
Hvordan skal havområdene forvaltes? Sjømat Norge har gitt sine innspill til Miljødirektoratet.