WTO sin ministerkonferanse på Bali blei laurdag avslutta med semje om den første avtalen sidan organisasjonen vart oppretta i 1995. Norsk sjømatnæring var sjølv tilstade på Bali under forhandlingane med Kristin Alnes, fagsjef i FHL.
– Dette er svært positivt og noko overraskande. Fleire var skeptiske til at ein skulle kome fram til ei løysing no. Det er difor ekstra gledeleg at det var framleis er vilje til å få i stand globale løysingar for å liberalisere handelen.
Mindre byråkrati
Den største endringa i den nye avtalen inneberer at handelen over grensene vert meir forutsigbare og ikkje minst enklare. Internasjonal vareflyt er i dag på fleire områder prisgitt styresmaktene sine import og eksportreguleringar. Ofte er det svært vanskeleg å vite kva slags prosedyrar på toll og rutinar som gjeld.
– Norsk sjømat eksporterast i dag til nærmare 150 land. I fleire land er det gjerne administrative kostander ved grensepassering. I den nye avtalen skal slike kostnader verte mindre og passeringa skal skje raskare. I først omgang vil dette forplikte berre dei mest velståande WTO-landa, men vi håper at det på sikt også vil omfatte alle land, seier Alnes.
WTO seier sjølv at ein reknar med at kostnadane kan reduserast med 10-15 prosent som følgje av den nye avtalen.
WTO viktig for Noreg
Forhandlingane i WTO har i lengre tid vore svært vanskelege. Norsk sjømatnæring har og merka fleire handelshindringar dei seinaste åra.
– Ein slik avtale som dette viser tydeleg at WTO spelar ei viktig rolle for vår handel. Som liten aktør utanfor dei store handelsblokkene er det ofte utfordrande. Eg trur og dette gjer det enklare å gå vidare for å oppnå enno betre mogelegheiter for norsk sjømat i framtida, seier Alnes.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?
Hvordan skal havområdene forvaltes? Sjømat Norge har gitt sine innspill til Miljødirektoratet.