EFTA sitt overvåkningsorgan ESA gjennomførte hausten 2011 ein omfattande tilsynsaksjon i norsk sjømatnæring. Medan havbruksnæringa kom godt ut av tilsynet, var der fleire avvik hjå fiskebedrifter som bearbeidar kvitfisk.
– Manglar i eigne risikoanalyser, såkalla HACCP, var kanskje det som kom klarast fram. Her har bedriftene fleire ting ein bør rette på, seier Mattilsynets Anne Kjersti Austgulen i Seksjon for fisk og sjømat.
Hygienedag
Mattilsynet har ansvaret for å følgje opp rapporten frå ESA. Fiskeri og havbruknæringens landsforening tok difor raskt kontakt med Mattilsynet.
– Hygienen i norsk sjømat er noko folk verda over følgjer nøye med på. Dersom vi ikkje følgjer regelverket vert det lagt merke til. Det er difor viktig at hygieneregelverket vert fylgt slik det skal fylgjast, seier direktør for helse og kvalitet i FHL, Henrik Stenwig.
FHL valde difor å gå igjennom tilsynsrapporten saman med både Mattilsyn og bedriftene. Denne veka skipa ein saman til ein eigen hygienedag, fyrst og fremst for å tydeliggjere forbetringspunkta.
– Skal me gå framover er det viktig å fram kva som er feil. Det gjer me beste ved sitje rundt same bord, seier Stenwig.
Oppfølging
Som ein viktig del av oppfølginga etter ESAs rapport har Mattilsynet allereie annonsert ein ny kontroll med oppstart på nyåret der målsetningen er både og bidra til betre etterlevelse og til å betre Mattilsynets tilsynsarbeid. Fiskeribedriftene set stor pris på å bli kontrollert slik at etterlevelse av bestemmelsene kan bli dokumentert .
– Eg er glad for at me no har god dialog. Saman kan dette berre bli betre, seier Arnfred Eilertsen i Båtsfjordbruket.
Norway Seafood har fleire anlegg langs kysten. Hygiene er svært viktig seier, Rune Hansen, kvalitetssjef.
– Vi forventar heilt klart at Mattilsynet følgjer opp dette. Det inneberer at vi må bli flinkare men også at Mattilsynet må bli betre på det dei vart kritisert for. Det er berre saman me kan bli verdas fremste sjømatnasjon.
Her har du foredraga
Fekk du ikkje med deg FHLs seminar på Gardermoen? Under finn du dei ulike foredragshaldarane med sine foredrag:
“Her er feila”–
Mattilsynets Anne Kjersti Austgulen i seksjon fisk og sjømat
“Kva er viktig” – Ketil Rykhus tidlegare inspektør i ESA, nå One Health Consultants.
“Kva legg me vekt på” – Kari-Anne Lenvik i Essentia som utfører tredjepartsrevisjon
Mattilsynets tilsynskampanje 2013 v/ deltaker i Mattilsynets prosjektgruppe Kim Andre Karlsen om planane for neste år
Vil du lese mer?
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?
Hvordan skal havområdene forvaltes? Sjømat Norge har gitt sine innspill til Miljødirektoratet.