Inger-Marie Sperre tek fatt på si sjette periode som styreleiar for Sjømat Norge. - Sjømatnæringa er særs omstillingsdyktige, seier Sperre etter gjenvalet i organisasjonens fyrste digitale generalforsamling.

Sjømat Norge gjennomførte tysdag si fyrste digitale generalforsamling. Grunna koronautbrotet vart årets årskonferanse og generalforsamling kansellert. Generalforsamlinga vart derimot gjennomført med videomøte.

Inger-Marie Sperre frå sunnmørsbedrifta Brødrene Sperre as, vart på ny vald som styreleiar. Dette er hennar sjette periode som leiar, etter at ho kom inn som styreleiar for fyrste gong i 2015.

– Arbeidet er svært gjevande, samtidig er vi no inne i ei særs krevjande tid. Vi i sjømatnæringa har alltid vist at vi er dyktige på omstilling. Vår utfordring no er å halde hjula i gong og vise kor viktig sjømatproduksjonen i Norge er, seier Sperre.

God deltaking

Over 73 prosent av stemmene i Sjømat Norge var representert under møtet, som pr 1. april tel 690 medlemsbedrifter.

Generalforsamlinga vart gjennomført med 131 deltakarar. Arne E. Karlsen frå Gunnar Klo as vart attvald som leiar av Bransjegruppe industri og som fyrste nestleiar i styret. Odd Lorentz Strøm frå Nova Sea as/Lax Expo vert ny i leiartrioen. Han tek over som andre nestleiar i styret og som leiar av Bransjegruppe havbruk.

 

Sjømat Norges nye styre ser slik ut:

  • Inger-Marie Sperre (Brødrene Sperre AS), attvald – styreleiar
  • Arne E. Karlsen (Gunnar Klo AS), attvald – 1. nestleiar
  • Odd Lorentz Strøm (Lax Expo AS) nyvald – 2 nestleiar
  • Geir Molvik (Cermaq Group AS), attvald
  • Egil Magne Haugstad (Pelagia AS), attvald
  • Kristine Hartmann (Aker Biomarine Antarctic AS), nyvald 
  • Trude Olafsen (AKVA Group ASA), attvald
  • Stig Nilsen (Lerøy Seafood Group ASA), attvald
  • Camilla Beck Sætre (Insula AS), nyvald 
  • Inge Berg (Nordlaks AS), attvald

 

Sjømat Norges Bransjegruppe industri ser slik ut:

  • Arne E. Karlsen (Gunnar Klo AS), attvald – leiar ​
  • Morten Hyldborg Jensen (Insula AS), attvald
  • Siv Grure (Pelagia AS), attvald
  • Rita Karlsen (Brødrene Karlsen AS), attvald
  • Bjørn Ronald Olsen (Storbukt Fiskeindustri AS), attvald
  • Hans Petter Koppernæs dy (Triplenine Vedde AS), attvald ​
  • Ingvild Dahlen (Lerøy Norway Seafoods AS), attvald​
  • Knut Helge Vestre (Coldwater Prawns Production AS),attvald
  • Ole Johnny Nilsen (JM Nilsen AS),attvald
  • Geir Sperre (Nils Sperre AS), attvald ​
  • Tommy Torvanger (Nergård AS), attvald

 

Sjømat Norges Bransjegruppe havbruk ser slik ut:

  • Odd Lorentz Strøm (Lax Expo AS), nyvald – leiar
  • Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk AS, attvald
  • Vibecke Bondø (SalmoNor AS), attvald​
  • Fredrik Witte (Cargill AS), attvald​
  • Alf Jostein Skjærvik (Salmar AS), attvald
  • Noralf Rønningen (Aqualine AS), attvald
  • Roar Paulsen (Lerøy Midt AS), attvald ​
  • Arve Olav Lervåg (Norway Royal Salmon AS), attvald
  • Geir Magne Knutsen (Bremnes Seashore AS), attvald
  • Tor Anders Elvegård (Nordlaks Oppdrett AS), attvald
  • Tor Eirik Homme (Grieg Seafood ASA), attvald
  • Roger Sørensen, Åkerblå AS, attvald

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

The Norwegian Seafood Federation

Skadelige alger (HAB) – Overvåkning og Varsling (Presentasjon)

Eierskap til data i sjømat- og landbruksnæringen

To nye veterinærer

#VerdensVakresteKyst

Revidert nasjonalbudsjett og sjømatnæringen 

Viktig med kontroll

Eit godt grep frå Regjeringa

Digitalt arbeidsmøte om utnyttelse av utslipp fra fiskeoppdrett

Sjømat Norge vil etablere system for bedre fiskehelse