• Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
  • Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
Sjomatnorge.no > Sjømat Norge > Sjømat i 2025 – kva vil vi?

Sjømat i 2025 – kva vil vi?

Publisert 10.07.2012 av Sjømat Norge

Sjømat Norge

– Det er ikkje nok å seie at sjømat er sunt, seier forskar Ingvild Eide Graff ved Nifes
(Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) i Bergen.

Eide Graff har tidlegare forska mykje med foret til fisken, men arbeider no for å finne ut kva som er effekten på helsa for folk som et fisk.

Under FHLs årskonfernse tidlegare i år fekk fleire representantar leggje fram det dei ser på som utfordringar for framtida.
Ei av dei var student Leonore Olsen, frå Lurøy i Nordland. Ho studerer på fiskerihøgskulen i Tromsø, og har
tidlegare også teke fagbrev i oppdrettsbransjen.

– Bransjen har eit stort potensiale, seier Olsen.

– På mange måtar er den norske fiskeri- og havbruksnæringa kome langt, men ein må bli
endå betre på framstilling av marint råstoff, seier ho.

Tilgang på plass
I havbruksnæringa er areal eit sentralt stikkord for framtidas produksjon. Ein av dei som ønskjer meir diskusjon rundt temaet er Frode Håvik hjå Lerøy Midt.

– For å ha ei god utvikling er areal stikkordet. Det er det som må til om vi skal bli betre.

Håvik har sin arbeidsplass midt i Trondheimsleia og meiner styremaktene må legge til rette for næringa ved å skaffe meir
areal.

– Før året er omme vil me ha levert 10.000 tonn sunn, god mat, produsert i pakt med
naturen, seier Håvik.

Fiskekvalitet
Eit anna stikkord langs kysten er kvalitet. Sesongfiskeria byr ofte på utfordringar knytt til dette tema, då mykje fisk vert landa samstundes i eit svært heftig tempo. På Brensholmen i Troms tek Ivan Lorentzen Fiskeforretning i mot sjømat. Ein av dei som leverer er Jonny Løset frå Sommarøya Samstundes er det mange som meiner det er kvaliteten som er viktig.

– Me må bli flinkare i alle ledd, seier Jonny Løset. Fiskaren med base på Sommarøya i
Troms vil ha bransjen til å løfte seg i alle ledd.

– Over heile lina må me skjerpe oss, seier han.


Merkevaren
Kva så med sjømatfolk i utlandet? Noreg leverer årleg delikatesser til meir enn 150 land. Ein av dei som har sin arbeidsplass i utlandet er Børge Grønbech, fiskeriutsending for Norges Sjømatråd i Bosten USA. Han meiner merkevarebygging er stikkordet.

– Eit godt merke betyr alt, seier Børge Grønbech.

– Gløymer me å byggje merkevare når me forhandlar om pris, så kan det koste mykje på
lang sikt, seier Grønbech.

 


Vil du lese mer?

Klok tenkepause om CO2-fritaket 

Publisert 10.07.2012 Sjømat Norge

Regjeringen utsetter avviklingen av CO₂-fritaket for fiske i fjerne farvann til 2026.

Skatteseminar med PWC og Sjømat Norge

Publisert 10.07.2012 Sjømat Norge

Velkommen til skatteseminar mandag 18. august 2025 i Trondheim.

Arendalsuka 2025

Publisert 10.07.2012 Sjømat Norge

Sjømat Norge på Arendalsuka 2025

Sjømat Norge - en landsforening i NHO

firmapost@sjomatnorge.no

99 11 00 00

Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo

  • Om oss
  • Styret
  • Øvrige tillitsvalgte
  • Administrasjonen
  • Forhandlingsutvalg
  • Seafood Federation
  • Høringsuttalelser
  • Kalender
  • Fagområder
  • Materiell
  • Presse

Designet og utviklet av Journey Agency

  • facebook
  • instagram
  • twitter-x
  • paper
  • Personvern
  • Cookies