Sjå Oslolaksen


Publisert 06.11.2018 av Øyvind André Haram Sjømat Norge Havbruk Rekruttering

Eit steinkast frå Aker Brygge, rett under Noregs dyraste leilegheit. No visast havbruk fram midt i Oslo sentrum.

– Det er ein merkedag. Endeleg er me her. Eg er så glad for at dette lukkast.

Nancy Bundt/The Salmon

Grunder og entusiast, Petter Sandberg viser fram modell og skjerm på visningssenteret i Oslo. FOTO: Nancy Bundt/The Salmon

Aino Olaisen viser stolt fram på Tjuvholmen. Dei siste månedane har ho meir eller mindre budd 1000 kilometer lenger syd for å sluttføre visningssenteret The Salmon.

– Det er eigentleg surrealistisk. Det vi no driv med her nede, men det trengst så ekstremt mykje. Folk her veit svært lite om det viktige arbeidet vi driv langs kysten.

Ideen til Norges heilt nye visningssenter for havbruk kom etter lang tids irritasjon.

– Eg las aviser, oppslag og tenkte at noko må gjerast. Saman med Petter Sandberg kom ideen ein sein kveld i tigerstaden, fortel Olaisen.

Nancy Bundt/The Salmon

På Tjuvholmen i Oslo kan du fôre laks på Helgelandskysten. Nancy Bundt/The Salmon

Ingen merder i Oslo
Aino vaks opp med laks på øya Lovund med knappe 200 innbyggjarar på Helgelandskysten. Tidleg på 70-talet pantsette faren huset og satsa alt. Snart 50 år etter omsette Nova Sea i fjor laks for 2,6 milliardar kroner. Men Aino som i dag er hovudaksjoner meiner laks og høyrer heime på Austlandet.

– Me investerte i sushirestauranten Alex Sushi for nokre år sidan og vart kjend med eigar Petter Sandberg. Han er eit oppkome av idear. Då eg fortalte om visningskonsesjonar vart me samde om å søke moglegheita.

Fiskeridirektoratet har mogelegheit til å gi konsesjonar til havbruksselskap som ønskjer å betre kunnskapen om akvakultur. Utgangspunktet er å ta med besøkande på eit sjøanlegg kor visningsløyven driftast. I tillegg har dei fleste eit senter på land kor besøkjande får omvising. Innhaldet varierer ved dei ulike sentra.

Nancy Bundt/The Salmon

Aino Olaisen (t.v) saman med Petter Sandberg og daglig leder av senteret, Camilla Bredesen. FOTO: Nancy Bundt/The Salmon

– Vår utfordring er at det ikkje er mogeleg å drive havbruk i Oslofjorden. Difor har meg fått konsesjon med fjernvisning. Altså at vi heile tida har direkte bildeoverføring og videokommunikasjon frå våre anlegg og fôring på Helgeland.

I tillegg til Oslo, har Gratanglaks i Gratangen eit tilsvarande tilbod i Tromsø, Blue Vision. The Salmon i Oslo har og i sine vilkår eit særleg ansvar for å vise fram dei andre sentra i Noreg.

Mat og undervisning
Det nye visningsenteret ligg svært sentralt på Tjuvholmen, i lokala der Alex Sushi var før. I tillegg til ein kafé/restaurant med lunch og middagstilbod vil senteret satse på undervisning.

– 3. januar slår vi hol i veggen her inne for å byggje eit avansert auditorium. Når det står ferdig mot slutten av februar, kan vi ta i mot skuleklasser. Vi håper å kunne vere eit spennande nytt tilbod til skuleklasser på heile Austlandet, fortel Aino.

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Enighet i Næringskomiteen om kvotemeldingen – flere gjennomslag for fiskeindustrien. 

Kan sjømatnæringen forsyne Norge med mat dersom det blir krig?

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops