Reiarorganisasjonen Fiskebåt lanserte denne veka eit forslag om å stogge båtar frå Grønland og Island frå å levere makrell i norske hamner. Organisasjonen har bede Nærings- og fiskeridepartementet om å følgje opp. Årsaka er at Island og Grønland står utanfor kyststatsavtalen på makrell, samtidig som dei driv fiske etter makrell utanfor sine eigne økonomiske soner.
– Vi er einige om at makrellfisket som Island og Grønland driv, snarast må over i ein regulert avtale. Men vi bør ikkje sette inn eit einsidig tiltak frå norsk side som ikkje har verknad. Landingsnekt er eit svært dårleg forslag for industrien i Noreg. Ingen let fisken vere att i havet, sjølv med eit slikt forbod. Makrellen vil bli tatt opp og finne vegen til marknaden likevel, seier fagsjef industri i Sjømat Norge, Kyrre Dale.
Han viser og til dårlege erfaringar frå liknande forbod.
– Då Noreg stogga Færøyingane for nokre år sidan på same måten, bygde dei opp ein ny og effektiv industri der borte. Det har gjort sitt til at vi i Noreg har mista råstoff. Den fisken vert seld i konkurranse med norskprodusert fisk. Vi blir med andre ord skadelidande.
Feil veg
Kyststatane står i dag utan felles forvaltings- og fordelingsavtalar for norsk vårgytande sild, kolmule og makrell. Det er likevel inngått ein avtale mellom Noreg, Færøyane og EU for makrell der desse statane er einige om samla kvote og fordelinga av denne kvoten mellom dei tre partane. Island, Grønland og Russland er ikkje ein del av denne avtalen.
– Forslaget om landingsnekt blir heilt feil veg å gå. Å sette i verk einsidige tiltak fører oss ikkje nærare ei løysing i kvotestriden, seier Kyrre Dale.
HER ER BREVET: Brev fra Sjømat Norge til departementet
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?
Hvordan skal havområdene forvaltes? Sjømat Norge har gitt sine innspill til Miljødirektoratet.