Meir torsk i nord


Publisert 17.10.2019 av Øyvind André Haram Sjømat Norge Industri og handel

Russland og Noreg er samde om neste års kvoter i Barentshavet. Både torsk og hyse skal det fiskast meir av.

Torsdag ettermiddag skreiv partane under protokollen. Torskekvota for 2020 er satt til 738 000 tonn torsk og for hyse blir kvota 215 000 tonn. Det betyr 13.000 tonn meir torsk, medan det skal fiskast heile 40.000 meir hyse.

Den norske delegasjonen under årets norsk-russiske kvoteforhandlinger. Fra v Stig Meyer (Norges Fiskarlag), Kjell Ingebrigtsen (Norges Fiskarlag), Inge Arne Eriksen (Sametinget), Morten Berg (norsk forhandlingsleder, NFD), Trond Davidsen (Sjømat Norge) og Arild Aarvik (Fiskebåt).

– Det er god etterspørsel etter torsk, og auka som er avtalt for kvota i 2020 er positiv for fiskeindustrien i Noreg, seier direktør for industri i Sjømat Norge, Sverre Johansen.

Årets forhandlingar blei halde i den russiske byen Petrovodsk eit stykke nord aust for St.Petersburg. Forhandlingane førte og til at det opnast opp for ei lita loddekvote på 500 tonn til forskingsfangst. Norsk tilgang til rekefiske i russisk sone vart satt til 4500 tonn. Det vert og ei vidareføring av russisk tilgang til seifiske som i 2019.

– Kvoteauka på hyse gjer at vi får meir tilgjengelig råstoff for industrien, og det er gledeleg at hysebestanden ser ut til å vere i så god vekst. No blir utfordringa å sørgje for at vi faktisk utnytter hysekvota på ein god måte, og at vi klarer å tilverka ein større del av hysa på ein lønsam måte i Noreg, seier Johansen.

Vil du vite mer?

 
Sverre Johansen
Sverre Johansen
Direktør industri og handel
Mobil: 980 51 507

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø