Sjømat Norge vil den 3. oktober arrangere ein nasjonal konferanse om hausting og dyrking av alger.
Tidlegare i år lanserte Sjømat Norge strategien, eit blått taktskifte, for korleis vi kan doble sjømatnæringa fram mot 2030. Auken i den marine biomassen vil kome både frå vekst i havbruk, hausting og dyrking av nye artar og betre utnytting av alt restråstoff.
Med denne konferansen ønskjer vi å setje søkelys på ein av dei sektorane som har eit stort potensiale. Dyrking av mikroalger og hausting og dyrking av makroalger, både til fôr, fôringredienser og mat er næringar vi vil sjå meir til framover.
Som næringsorganisasjon ønskjer vi med denne konferansen å samle relevante aktørar og interessentar. Vi har ei målsetjing om at konferansen skal innehalde oversiktsforedrag om kunnskapen om mikro- og makroalger. Det blir gjennomført ei rekke studier i ulike forskingsmiljø, og kunnskapen om både mikro- og makroalger er etter kvart stor. Vi ønskjer å gi ei oversikt over regulatoriske rammevilkår ved Mattilsynet og Fiskeridirektoratet. I tillegg kjem bedriftspresentasjonar.
Tid og stad for algekonferansen er 3. oktober 10.30 – 15.00 i Næringslivets hus, Oslo.
PROGRAM:
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Deltagerne på årets #MerAv-seminar fikk høre siste nytt om utviklingen i de tre varegruppene grove kornprodukter, sjømat...
Velkommen til den årlige tariffkonferansen som arrangeres av NHO Mat og Drikke og Sjømat Norge. Programmet er...
Sjømat Norge har fått overlevert vandrehvalen fra klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen – et viktig symbol...