– Me ønskjer å vidareformidle gode rutinar. Det er viktig å førebyggje direkte eller indirekte overføring av smittestoff, seier rådgjevar i fiskehelse og kvalitet i FHL, Gunn H. Knutsen.
Fyrste mars 2010 kom nytt hygieneregelverk for matproduksjon. FHL utarbeida den gong ein eigen rettleiar for om etterleving av krav til personleg hygiene blant dei tilsette i sjømatbedrifter på ein god måte. Den inneheld og mal for eigenerklæring frå dei tilsette samt helsesertifikat frå bedriftshelsetenesta. Tanken er at dei beskrivne rutinane vert innarbeidd i eigenkontrollen.
No er rettleiaren omsett til engelsk og samstundes er også den norske utgåva oppdatert
– Det er stadig nye lærdommar å ta med seg. Me har som mål å revidere denne ved endring av regelverket, med minimum kvart femte år, seier Knutsen.
Retteiaren rettar seg mot alle verksemder som handterer fiskerivarer, for eksempel fiskemottak, fiskeslakterier, fileterings- og bearbeidingsanlegg, skjellmottak.
NORSK UTGÅVE: Trykk og last ned her
ENGELSK UTGÅVE: Trykk og last ned her.
Vil du lese mer?
Arbeidsmiljøloven gjelder for dykkervirksomhet i havbruk. Sjømat Norge minner om at Landsorganisasjonen i Norge, Norsk Sjømannsforbund og...
Utkast til forskrift om klimagassreduksjoner på fartøy i akvakulturnæringen er på høring. Nå har du mulighet til...
Sjømat Norges årsarrangement 2026 avholdes i Trondheim. Hold av datoene. Påmeldingslenke og mer informasjon kommer!