• Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
  • Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
Sjomatnorge.no > Fagområder > Havbruk > Etterlengta opning i tollmuren til EU

Etterlengta opning i tollmuren til EU

Publisert 18.12.2009 av Sjømat Norge

Havbruk

EFTA og Noreg har sidan hausten 2008 forhandla om vidareføring av EØS-kontingenten. Noverande finansieringsordning gjaldt for ein femårsperiode fram til 30. april 2009 og forhandlingane er difor førte  langt på overtid.

Parallelt med forhandlingane om kontingent har det også vore forhandla om vidareføring av kompenasjonskvoter for sild, makrell og reker, som også var tidsavgrensa fram til same dato.

Desse kvotene som skriv seg frå utvidinga av EU i 2004 og 2007 er etter dagens avtale med EU vidareført for ein ny periode for fem år  (2009-2014).

I tillegg er det opna ein ny kvote for tilverka sildeprodukt og ein auke i eksisterande kvote for pilla reker.

EU vil i 2010 opne ein ny tollfri kvote for tilverka sildeprodukt (til dømes  kryddersalta, eddikbehandla og anna marinert sild i lake) på 3 000 tonn. Dersom denne kvoten vert tilstrekkeleg utnytta vil kvoten auke til 6000 tonn i ein treårsperiode. Total vil norske eksportørar då ha ein kvote på 9000 tonn tilgjengelig.

EU har svært høge tollmurer på tilverka produkt av sild, og det har hindra utvikling av næringa på dette området i Noreg. Desse kvotane vil vere til stor verdi for bedriftene, og vil garantert verte fullt utnytta frå dag ein, seier Kristin Alnes. Kvotane vil verte nytta på sild som alternativt vil gå i utilverka  frosen tilstand til EU-marknaden.  

I tillegg er det semje om å auke den tollfrie kvoten på frosne pilla reker med 2 500 tonn, noko som gir ein totalkvote på 12 500. Det er svært viktig for den norske rekenæringa, som over lang tid har levd med at viktige konkurrentar, Island har full tollfri tilgang til EU-marknaden.
 


Vil du lese mer?

Miljøteknologiordning uten tilstrekkelig fleksibilitet

Publisert 18.12.2009 Havbruk

Det er bra at regjeringen har lyttet til høringsinnspillene og ikke satt krav til oppsamling av organisk...

Forskrift om utslippsfrie fartøy. Sjømat Norge advarer mot for rask innfasing

Publisert 18.12.2009 Havbruk

Regjeringen har sendt på høring et forslag til forskrift som krever at minst 90 prosent av energibruken på...

Minneord Trond Sæternes Paulsen

Publisert 18.12.2009 Havbruk

Det er med stor sorg vi nylig mottok budskapet om at advokat Trond S. Paulsen etter et...

Sjømat Norge - en landsforening i NHO

firmapost@sjomatnorge.no

99 11 00 00

Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo

  • Om oss
  • Styret
  • Øvrige tillitsvalgte
  • Administrasjonen
  • Forhandlingsutvalg
  • Seafood Federation
  • Høringsuttalelser
  • Kalender
  • Fagområder
  • Materiell
  • Presse

Designet og utviklet av Journey Agency

  • facebook
  • instagram
  • twitter-x
  • paper
  • Personvern
  • Cookies