Merk deg ordet allereie, bioøkonomi. Aktørane som var til stades under Sjømat Norges fagdag, meiner Noreg kjem til å bli enno meir avhengig i åra som kjem.
– Potensialet i norsk bioøkonomi er enormt. Årsaka er at vi vert fleire her i verda. Behovet for mat vil auke – og det er ikkje forsvarleg å kaste mat eller restråstoff frå mat, seier Tore Remman.
Remman er til dagleg sales manager i Nutrimar, men leiar og NHOs nye bioøkonomipanel som snart vil legge fram sine innspel til regjeringa.
– Regjeringa ønskjer ei eiga melding om bioøkonomi. Det viser berre at dette kjem til å bli meir synleg.
«Bioøkonomi er produksjon av fornybare biologiske ressurser, til for eksempel mat, fôr, kjemikalier, ingredienser, materialer, farmasøytiske produkter og bioenergi»
Må være best
Ein av foredragshaldarane under fagdagen var leiar av Arbeiderpartiets industriutval, Terje Aasland. Han meiner potensialet er stort.
– Hugs, i 2006 hadde vi utforska berre fem prosent av havet. 70 prosent av kloden er hav. Vi må leggje meir vekt på dette, betre havrommets posisjon i utdanninga, legge til rette for ein vekststrategi og styrke den blå bioøkonomien i handelsavtalar, seier Aasland og legg til. – Eg meiner Noreg skal vere best i verda på dette.
Dei siste åra har det vore ein stor auke i talet på selskap i bioøkonomien. Petter Dragesund i Pareto Securities seier at det som skjer i Noreg vert lagt merke til.
– Store internasjonale selskap har kjøpt seg inn. Som til dømes BASF i Pronova Biopharma, FMC i Epax og no seinast Zoetis seinast Pharmaq. På ti år har verdien av sjømaten på Oslo børs auka med 130 milliardar. Det er tre sjømatselskap på topp ti lista. For ti år sidan var det største på plass nr 40.
Konstant utseld
Bioøkonomi i Noreg er alt frå rein fiskeolje og fiskemel, til helsekostprodukt, farmasi, smakstilsetting og ikkje minst nye produkt. FMC Biopolymer er eit av dei.
– Vi haustar tare og tang langs kysten. Omsetninga er 1,2 milliardar. Vi er konstant utseld og har planar om å vekse, seier Trond Helgerud.
Bedrifta som i si tid var ein del av Norsk Hydro, frå tare er det i dag alginat, som har over 600 ulike bruksmåtar. Taren har blant anna evna til å fortjukke, stabilisere og danne gelear. Den vert blant anna brukt mykje av næringsmiddelindustrien.
– I dag hauster vi berre 2,5 prosent av årleg tilvekst. Det er 50-60 millionar tonn biomasse langs kysten og det er i vekst. Med andre ord. Her har Noreg ein fantastisk mogelegheit.
Administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge er svært fornøyd med at bioøkonomien nå løftas opp.
– Etter denne fagdagen er eg enno meir optimistisk. Det er enorme moglegheiter for bioøkonomien. No er det viktig at politikarane grip sjansen.
FIKK DU IKKJE MED DEG FAGDAGEN? Last ned foredraga her.
Hvor uendelig er potensialet? – et blikk fra investorene
v/ Head of Corporate Finance Petter Dragesund, Pareto Securities
Gir den nye politikken svarene vi ønsker?
v/ sales manager Tore Remman, 1355 Nutrimar og leder av NHOs
bioøkonomipanel
Bioøkonomi i praksis
v/adm dir, Trond Helgerud, FMC Biopolymer
Opposisjonens politiske alternativ? Oppspill til paneldebatt med stortingsrepresentant Terje Aasland, Arbeiderpartiet,
Hvordan innrette virkemidlene for å lykkes? (ta kontakt med Tormod.thomsen@firmenich.com om du ønsker foredraget)
v/adm. dir Tormod Thomsen, Firmenich Bjørge Biomarin AS
Hvem kan gi oss de rette virkemidlene?
– Geir Andreassen, adm.dir, Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond
– Sigridiur Thormodsdottir, avd leder, Innovasjon Norge
–Turid Hiller, spesialrådgiver, Norges Forskningsråd
Konkrete utfordringer i min virksomhet
v/adm. dir Siv Østervold, Hordafôr AS
Hva er NFDs ambisjoner for virkemiddelapparatet?
v/senior rådgiver Thomas A. Malla, Nærings- og fiskeridepartementet
Vil du lese mer?
Slik svarer Sjømat Norge og Norges Fiskarlag om midlertidig driftsordning.
Norge og Russland ble torsdag enige om en ny fiskeriavtale.
Kritisk blikk, krever og mer åpenhet. Bli med og hør hvordan laksen har det.