• Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
  • Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
Sjomatnorge.no > Sjømat Norge > Arveleg motstandskraft mot lakselus

Arveleg motstandskraft mot lakselus

Publisert 21.11.2008 av Sjømat Norge

Sjømat Norge

Kjell MaroniDet håpar i alle fall FoU-koordinator Kjell Maroni (bildet) i FHL:

– Per dags dato har ein ikkje starta kommersiell avl med tanke på lakselus. Med desse nye forskingsresultata har vi fått ei betre vitskapeleg verifisering enn tidlegare av at det er mogleg å avle fram laks som i mindre grad vert infisert av lakselus. Eg ser ikkje bort frå at dette i løpet av kort tid vil få dei største avlsselskapa til å byrje eit innleiande avlsarbeid retta mot lakselus.

Lakselusseminar med Helga Pedersen
Dei ulike tiltaka mot lakselus vil bli diskutert i full bredde på Gardermoen 10. desember. Då arrangerer FHF, FHL, Forskingsrådet og Mattilsynet eit seminar om lakselus, etter initiativ frå Fiskeri- og kystdepartementet. Statsråd Helga Pedersen vil sjølv opne seminaret.

Seminaret vil ta for seg tema som lokalisering av anlegg, bruk av leppefisk, medikamentbruk, vaksiner og avl. Blant anna vil Bjarne Gjerde frå Nofima leggje fram meir inngåande detaljar frå det nye avlsprosjektet, og diskutere kva potensial avl kan ha mot lakselus.

Nytt våpen
Maroni nøler ikkje med å karakterisere avl som eit godt, nytt våpen i kampen mot den uønska parasitten. Samstundes poengterer Maroni at avl tek årevis, og at dette berre må vere eit av fleire tiltak mot lakselus:

– Kampen må førast langsiktig og på fleira frontar, med avl, vaksiner og behandling med så vel kjemikaliar som leppefisk. Ingen av desse tiltaka kan få bukt med lakselus på eiga hand, og alle tiltaka må utførast riktig.

Regnbogeaure meir utsett for lakselus enn kva laks er
Eit litt overraskande resultat frå prosjektet er at regnbogeaure viste seg meir mottakeleg for lakselus enn laksen – i alle fall på det utviklingsstadiet av lusa som blei undersøkt. Den rådande oppfatninga har vore at aure ikkje er like mottakeleg for lakselus som laks.

Laksen og auren som blei infisert med nyklekte luselarvar var vel eitt år gamal smolt, og ein undersøkte fisken medan lusa var i eit larvestadium kalla chalimus II-III.

Prosjektet har blitt utført av forskingskonsernet Nofima med 150 laksefamiliar frå SalmoBreed AS. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) har følgt opp prosjektet på vegne av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF).


Vil du lese mer?

HMS – konferansen 2026

Publisert 21.11.2008 Sjømat Norge

Dato er satt – det er bare å legge inn i kalender. Programmet blir lagt ut her...

– Vi har et forbedringspotensial

Publisert 21.11.2008 Sjømat Norge

Miljødirektoratets tilsynsaksjon viser tydelig at vi kan bli bedre, sier Sjømat Norge og Sjømatbedriftene.

Klart for lokale forhandlinger

Publisert 21.11.2008 Sjømat Norge

Årets mellomoppgjør er vedtatt av LO/YS. Det betyr at lokale forhandlinger kan starte.

Sjømat Norge - en landsforening i NHO

firmapost@sjomatnorge.no

99 11 00 00

Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo

  • Om oss
  • Styret
  • Øvrige tillitsvalgte
  • Administrasjonen
  • Forhandlingsutvalg
  • Seafood Federation
  • Høringsuttalelser
  • Kalender
  • Fagområder
  • Materiell
  • Presse

Designet og utviklet av Journey Agency

  • facebook
  • instagram
  • twitter-x
  • paper
  • Personvern
  • Cookies