Tirsdag la havforskarane fram nye tilrådingar for kor mykje norsk vårgytande sild som bør fangstast i 2018. Medan råda vart meir enn dobla frå 2016 til 2017 er no anbefalingane ein reduksjon på 41 prosent for neste år.
– Erfaringane våre tilseier at det er viktig at forvaltarane ser nærmare på den såkalla haustingsregelen, altså korleis vi fangstar silda. Det er vanskeleg å skape verdiar når kvotene sprett opp og ned raskere enn markedene klarer å tilpasse seg, sier fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge.
For andre fiskebestander er det allereie på plass stabiliseringsmekanismer i haustingsreglane. Dale seier at dette er med på å jamne ut nivået på kvotene frå år til år. I tillegg vert kvotefastsettinga mer forutsigbar og mindre påverka av kortsiktig variasjon.
-For makrell og kolmule er det avtalt at kvotenivåa maksimalt kan reduserast med 20%, og maksimalt aukast med 25% frå år til år. Dersom vi hadde gjort det same for silda, ville vi unngått situasjonen i år der marknadane fyllast opp med sild og prisane rasar ned, seier Dale som legg til at fiskeindustrien møter store utfordringar når det er slik.
– Slike store variasjonar er ikkje bra for verken dei som produserer sild og ikkje minst kjøparane ute i verda. Vi meiner difor at det no vil vere riktig at det også vert innført ein slik stabilitetsklausul for norsk vårgytande sild.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Årets høstmøte i Sjømat Norge havbruk nord, går denne høsten av stabelen i Bodø. Møtet vil vare...
Norge må vende blikket mer mot EU. – En vier ikke regelversarbeidet nok oppmerksomhet, sier Trond Davidsen.
Sjømat Norge er tydelige på hva havbruk kan gjøre for villaksen.