NHOs kompetansebarometer viser nok ein gong tydelege behov i sjømatbransjen. Det kjem fram i årets omfattande spørreundersøking i norske bedrifter.
– Når 40 prosent av bedriftene seier dei har lagt aktivitet på is fordi dei ikkje har kompetanse nok, seier det noko om det enorme potensialet sjømatbransjen har, seier ansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge, Øyvind André Haram.
Den landsomfattande spørreundersøkinga gjennomførast kvart år i regi av NHO og har i år fått svar frå heile 6409 bedrifter.
– Vi er inne i ei tid da vi ser at behovet for endring er kanskje viktigare enn nokon gong. Fram til 2050 skal vi skape 600.000 nye arbeidsplassar. Mange av desse vil kome i blå næring, seier fungerande adm.dir i NHO, Ole Erik Almlid.
Ingeniør og yrkesfag
I barometeret som har stilt spørsmål til bedriftene sidan 2014, viser svara at Sjømat Norge sine medlemsbedrifter ligg heilt i tet i næringslivet, når det gjeld mangel på kompetanse.
– Sjølv om tala ikkje er gode med tanke på skrinlagt aktivitet, ser vi av søkjartala til både yrkesutdanning og høgare utdanning at blå utdanning er populært. Det gjer meg optimistisk på lengre sikt, seier Haram.
Tal for høgare utdanning viser svært gode søkjartal før haustens inntak. Tala for yrkesfag viser ei auke i søknadane på heile 25 prosent.
Blått val
– Det er ingen tvil om at dersom vi skal få gjennomført det blå taktskifte Norge treng å gjennomføre, så treng ein å rette blikket mot meir kompetanse.
Sjømat Norges administrerande direktør, Geir Ove Ystmark, er svært tydeleg på at taktskifte i stor grad handlar om fleire arbeidsplassar og meir spisskompetanse.
– Barometeret viser at våre bedrifter treng både folk med doktorgrad og lågare utdanning. Ein vel med andre ord rett om ein tenkjer blå utdanning i framtida.
Lanseringen av NHOs Kompetansebarometer 2018 skjer 18. september, 08.30 – 10.30 på Thon Conferance i Oslo.
Du kan følge dekningen på NHOs nettsider.
Sett Sjøbein – ta valget allerede nå! Her har du muligheten
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
-Viktige grep er tatt av regjeringen, til tross for den store kvotenedgangen for torsk, sier Sjømat Norge...
Sjømat Norge mener regjeringen nå tar grep for gi landindustrien mer snøkrabbe.
Sjømat Norge ønsker alle alt det beste for julen 2025.