Vestnorsk havbrukslag har på nytt konstituert seg etter årsmøte ved Solstrand hotell i Os kommune førre veke. Sveinung Sandvik vart attvald som leiaren av arbeidsutvalet og tek fatt på ei ny periode.
– Det gjer eg med glede. Å arbeide for å betre omdømme til næringa er noko eg veit blir krevjande. Men eg er svært motivert, seier Sandvik.
– Er det di viktigaste sak?
– Ja, saman med å arbeide for å få styresmaktene og forvaltninga til å ta gjeve oss eit svar på kva fotspor me kan tillate. Desse to sakene er det som eg vil prioritere.
Sveinung Sandvik har vore tillitsvald i FHL i mange år og er i tillegg leiar av FHLs bransjegruppe havbruk. Han bur i Mauranger og er avdelingsleiar i Sjøtrolls sitt settefiskanlegg
I tillegg til Sandvik vart Elin Tveit-Sveen (Marø Havbruk) og Terje Moss (Bolaks) attvalde i styret. Tveit-Sveen vart og gjenvald som nestleiar. Vestnorsk Havbrukslag består i tillegg av Turid Lande Solheim (Marine Harvest) og Erik Osland (Osland Havbruk)
Vil du lese mer?
Frokostmøte (digitalt): Menon-rapporten / Fredag 13. november 08.00 – 09.00 (klikk her)Følg lenken og bli med på...
To dager med faglig påfyll, erfaringsutveksling og nettverksbygging. Helt kostnadsfritt. Det partssammensatte IA-bransjeprogrammet inviterer ledere, tillitsvalgte og verneombud i...
27.–28. januar 2027 inviterer Sjømat Norge Havbruk Midt og Sektorgruppe teknologi og service til SmartSjø27 på Britannia Hotel...