
Utsiktene i marknaden, som særleg er prega av eit framleis lågt fangstkvantum i sør gir grunnlag for ein ytterlegare oppgang i prisen, særleg for kokte skalreker til konsum. Nye minsteprisar for denne kategorien er kr 73,50,- for perioden 20.5 – 11.8.13. For perioden frå 12.8.13 og fram til neste sommarsesong er minsteprisen no på kr 60,- .
For råreker til pilling aukar minsteprisane med kr 0,50 for dei to største sorteringane, medan prisen vert vidareført på dagens nivå for den minste. For den vanlegaste sorteringa 221-250 stk. pr. kg er ny minstepris kr 13,-. For kokte reker til produksjon av handpilla reker i lake er minsteprisane justert opp med kr 4,00 for alle sorteringar, unntatt for den minste.
Reker fanga av norske fiskarar er miljøsertifisert etter fleire internasjonale standardar og vert hausta frå bestandar som er berekraftig forvalta.
Vil du lese mer?
Fellesforbundet brøt forhandlingene med Sjømat Norge. Det ble stilt ultimatum på spørsmålet om forskuttering av sykepenger, pleiepenger...
VG har i dag en artikkel hvor det spekuleres i at norsk havbruksproduksjon gir overgjødsling av fjordene...
Statnett varslet 22. april at det ikke lenger gis nye reservasjoner av nettkapasitet til industri nord for...