Nye kvotar i Barentshavet


Publisert 18.10.2018 av Sondre Benjamin Aasen Industri og handel

Norge og Russland blei torsdag morgon samde om ein ny avtale for forvalting av bestandane i Barentshavet. Som forventa blir det ein viss nedgang i kvotane i 2019.

Men dei viktigaste bestandane i Barentshavet er fortsatt sterke. Kvotane som no er sett, er framleis høge historisk sett. Forhandlingane som i år har vore i Ålesund, viser også at vi framleis har eit godt og fungerande fiskerisamarbeid med Russland.

Torsk og hyse ned
Kvoten på torsk i 2019 er fastsett til 725.000 tonn, noko som er ein reduksjon på 50.000 tonn samanlikna med kvoten for i år. Dette er ein forventa nedgang, men torskekvoten til neste år vil like fullt vere på eit høgt nivå. Etter nokre år med ein svært sterk bestand er vi no inne i ein periode der vi må tilpasse oss eit noko lågare langtidsutbytte.

– Vi meiner torskenæringa med denne kvotefastsetjinga får høve til ei fornuftig og planlagt tilpassing til eit noko lågare kvotenivå i åra framover, sier direktør Sverre Johansen i Sjømat Norge.

Totalkvota for hyse er fastsett til 172.000 tonn for 2019, ein nedgang på 30.000 tonn samanlikna med kvota for 2018. Heller ikkje denne nedgangen er det knytt noko dramatikk til, men den er ei justering etter nokre år med ein svært høg hysekvote.

Kvota for blåkveite er sett til 27.000 tonn, og er på nivå med dagens kvote. Det er fastsett ein kvote for snabeluer på 53.757 tonn for 2019. Dette er en auke på 21.099 tonn fra 2018. Sist fangstene på snabeluer var på dette nivået var i 1985.

Ingen kvote på lodde
Partane er samde om at det dessverre ikkje er grunnlag for å opne opp for fiske etter lodde i 2019. Sjømat Norge støttar den vurderinga som er gjort, og som legg vekt på bestandssituasjonen for lodde og den viktige rolla lodda spelar i økosystemet. Lodde er ein viktig ressurs for næringa, og det er også viktig med stabilitet i råstofftilgangen. Sjømat Norge beklager difor at det ikkje var grunnlag for å setje ein kvote i 2019.

Vil du vite mer?

 
Sverre Johansen
Sverre Johansen
Direktør industri og handel
Mobil: 980 51 507

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Kan sjømatnæringen forsyne Norge med mat dersom det blir krig?

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse