Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, NIFES, gjennomførte nyleg ein omfattande undersøking av kor mykje framandstoff det er i fleire fiskeslag. Både kveite og blåkveite, torsk, sild, makrell, brosme og sei vart undersøkt. I følge forskar Kåre Julshamn er resultatet svært positivt.
– Våre data syner at innhaldet av uorganisk arsen berre er ein tidel av kva EFSA estimerer. Fisk bidreg berre marginalt til det totale inntaket av uorganisk arsen i vårt kosthald, seier Julshamn til www.nifes.no
EU sitt mattilsyn, EFSA, baserer seg i dag på data som tilseier eit forventet innhald av uorganisk arsen i fiskefilet på 0,03 mg per kg.
Låge verdiar
NIFES har også undersøkt mengda av stoffa bromerte flammehemmere og perfluorerte alkylstoffer. Også desse resultata syner generelt låge konsentrasjonar for dei artane som er analysert.
Vil du lese mer?
Stortinget har bedt regjeringen avvikle ordningen med normpris og Prisrådet for havbruk fra 1. januar 2027. Regjeringen...
Regjeringen kan ikke tilsidesette et stortingsvedtak i forslaget til statsbudsjett. Det var et av budskapene Sjømat Norge...
Årsmøtet i Sjømat Norge Havbruk Vest går av stabelen fredag 29. januar kl. 09:00 – 11:00 på...