Mellomoppgjeret 2023


Publisert 25.04.2023 av Øyvind André Haram Sjømat Norge Arbeidsliv

Mellomoppgjeret 2023 endte med mekling helga etter påske, før det så vart streik i fire dagar. Partane (LO/YS/NHO) vart som kjend samde torsdag ettermiddag den 21.04.

Resultatet av oppgjeret vart eit generelt tillegg på kr. 7,50 til alle. Enkelte overenskomster fekk ekstra tillegg utover dette, men det gjelder ingen av overenkomstane i Sjømat Norge.

Våre overenskomster (Fiskeindustrioverenskomsten, Havbruksoverenskomsten og Overenskomst for fiskemel- og fiskefôrindustrien) skal alle ha eit generelt tillegg på kr. 7,50. Den økonomiske ramma for oppgjeret var på 5,2 %.

Vanlegvis i mellomoppgjør vert tillegg utbetalt med virkning frå 1. april. Som følgje av streiken, utsettast verketidspunktet til streiken si avslutning. Tilleggene skal difor betalast ut med verknad frå den 21. april.

Vedtatt av partane

Oppgjeret vart vedteke av partene den 28. april 2023. Lokale forhandlinger kan dermed starte. Slik reglane er, skal lokale forhandlinger førast etter reelle forhandlingar på bakgrunn av dei fire kriteria;

  • økonomien til bedrifta
  • produktivitet
  • framtidsutsikter
  • konkuranseevne.

Merk at LO, YS og NHO er samde om eit lønnsoppgjer der ein større andel enn normalt av lønnsveksten vert gjeve sentralt. Det betyr at det vil vere ein mindre del igjen til dei lokale lønnsforhandlingane enn det som er vanlig. Årsaka for denne fordelinga er den spesielle situasjonen vi står i. Sjå meir om dette på NHO sine sider.

Ny minstelønnssats Fiskeindustrioverenskomsten

Minstelønnen i Fiskeindusstrioverenskomsten med NNN justeras årleg utfrå lønnsveksten i mat- og drikkeindustrien foregående år, jf. § 3-2, 1). I år innebærer denne beregninga at minstelønnssatsen aukar med kr. 6,25 til kr. 206,03 frå 1. mai 2023.

Dette får ingen økonomiske utslag i år, i og med at det generelle tillegget på kr. 7,50 er høgare enn minstelønnshevinga.

 

Vil du vite mer?

 
Rune Dyrvik
Rune Dyrvik
Fagsjef arbeidsliv/advokat
Mobil: 926 85 886

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø