Er di kantine den beste?


Publisert 16.09.2022 av Øyvind André Haram Miljø og Helse

Kven har Noregs sunnaste kantine? Med enorm tilgang på masse delikat sjømat bør det vere mogeleg for di sjømatbedrift å delta.

Sjømat Norge er med i kåringa av Noregs sunnaste kantine. No oppmodar vi alle medlemsbedrifter til å delta.

– Eg veit det er så mange flotte sjømatkantiner der ute, her er det berre å hive seg med, seier fagsjef i Sjømat Norge, Trude H. Nordli.

Trude H. Nordlie er fagsjef i Sjømat Norge og har ansvaret for #MerAv arbeidet. Foto: Sjømat Norge

Påmeldinga er open

I konkurransen gjeld det å tilby ein kombinasjon av varegruppene grove kornprodukter, frukt/grønt og sjømat, altså det vi skal ete #MerAv.
Konkurransen skal bidra til å framme innovative og smaksrike rettar med sunne matvarer som vi alle bør ete #MerAv, slik at kantinegjestene vert frista til å ta sunnare val. 

Kven kan delta?

Konkurransen er for dei som driv kantineverksemd, både kantinekjeder og enkeltståande kantiner. Du melder deg på her

Korleis kårast vinnaren?

Vi skal kåre Noreg sitt beste tilbud av Sunn Mat med #MerAv-råvarer som seljast og serverast i kantiner. I konkurransen gjeld det å tilby ein kombinasjon av varegruppene grove kornprodukter, sjømat og frukt/grønt. Dette skal inngå i kantinetilbudet i løpet av konkurranseperioda. Juryen vil i tillegg til å vurdere maten vektlegge eksponering, profilering av deltakinga og salsauke i perioda.

Når?

Påmelding opnar 1.september. Konkurranseperioda er frå 1.oktober til og med 31. desember 2022. Konkurransens vinnarar lanseres på eige arrangement på UMAMI messen på Lillestrøm i februar 2023.

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

MerAv seminar med prisutdeling

Konstruktivt møte om deling av prisinformasjon

Hils på Hilde og Ole

Årsmøte Havbruk Vest

40 millionar måltid, kvar dag

Sjømat Norge om inntektsutjevning

– Se til Færøyene!

Sildelagets Høyesterettsanke avvist

Må ta oss tid til å se helhetlig på skatt

Les Råvareløftet sin rapport: Hva skal laksen spise?