Tala for søkjarar til høgare utdanning i Noreg, vart onsdag lagt fram av Kunnskapsdepartementet. Forsking- og høgare utdanningsstatsråd Ola Borten Moe, la fram tal som viser at det er 19.134 færre søkjarar til i 2022 samanlikna med fjoråret. Det tilsvarar om lag 12 prosent. Legg ein saman alle tilbod innan sjømatfag, er interessa for sjømatutdanning derimot berre 5 prosent.
– Vi har hatt svært høge søkjartal i mange år. Det er ikkje overraskande at det då går noko ned. Eg ser likevel at interessa er sterkt til stades hjå unge i Noreg, seier fagansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge, Ole Troland.
Tala på landsbasis seiast å vere slik fordi mange ikkje har hatt høve til å ta seg eit «pauseår», der ein ønskjer å jobbe eller reise, som følgje av pandemien. Det har nok også spelt inn for sjømat. Troland forklarer derimot at interessa kring sjømat er svært sterk.
– Berre sidan pandemien «letta opp» på nyåret har eg vore på ei rekkje samlingar for unge. Det har nesten vore noko kvar veke. Vi har så mange som tek kontakt som vil vite meir om sjømat. Difor kan ein på langt nær seie at interessa minkar.
Berre sidan pandemien “letta opp” på nyåret har eg vore på ei rekkje samlinglar for unge.
Ole Troland, fagansvarlig kompetanse og rekruttering.
Det er i dag sju ulike studietilbod som er mogeleg å hente ut tal frå i søkjartala som ligg ute hjå samordna opptak. Utdanningane i dag er:
Tala frå opptaket viser at det er tre studier som har fleire søkjarar. Det er ingeniør for havbruk i Trondheim, sivilingeniørstudiet i Bergen samt fiskehelse – akvamedisin i Bergen. I Bergen har talet søkjarar dobla seg frå 236 til 433 på eit år. Søkjertala for studiet fiskehelse – akvamedisin auka med 7 prosent.
– Som allereie nemnd har det vore oppgang til alle desse studia i fleire år. No har vi eit spennande prosjekt ute saman med FHF som vil gi oss betre kunnskap i kva sjømatnæringa treng av kompetanse i åra som kjem, seier Troland.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Sjømat Norge understreker viktigheten av en bærekraftig og forutsigbar forvaltning av snøkrabben som en ny og verdifull...
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?