
I alt 14 ungdomspolitikarar frå heile landet blei med då FHL nyleg inviterte til ”En smakebit fra havet”. Hovudtanken bak turen er å la politikaren bli interessert i Noregs nest største eksportnæring, så tidleg som mogeleg. Måndag 28.2 og tysdag 1.3 gjekk difor turen til Sunnmøre og Ålesund. Med på turen var både leiarar og nestleiarar i ungdomspartia.
– Ei rekkje av desse kjem til å få leiande posisjoner i framtida. Kanskje er det ein framtidig statsminister som no har fått eit innblikk i næringa, seier direktør for næringsutvikling i FHL, Geir Ove Ystmark.
Gamalt og nytt
Under turen til Ålesundsregionen fekk ungdommane anledning til å sjå blant anna laks, klippfisk og eit innblikk i den ”nye bransjen” omega-3. Ungdommane fekk og sjå korleis fiskerinæringa har utvikla seg i Ålesund då dei vitja Ålesund Fikskerimuseeum.
– Vi har fått lære svært mykje og ikkje minst ete svært sunt, sa leiar av AUF, Eskild Pedersen då han vart intervjua av NRK om turen.
Sjå reportasjen som vart sendt i NRK her: (spol deg ram til ca 7 minutt og 30 sekund) http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/715970/
Vil du lese mer?
Frokostmøte (digitalt): Menon-rapporten / Fredag 13. november 08.00 – 09.00 (klikk her)Følg lenken og bli med på...
To dager med faglig påfyll, erfaringsutveksling og nettverksbygging. Helt kostnadsfritt. Det partssammensatte IA-bransjeprogrammet inviterer ledere, tillitsvalgte og verneombud i...
27.–28. januar 2027 inviterer Sjømat Norge Havbruk Midt og Sektorgruppe teknologi og service til SmartSjø27 på Britannia Hotel...