• Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
  • Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
Sjomatnorge.no > Fagområder > Industri > EUs fangstsertifikat – nye krav frå EU

EUs fangstsertifikat – nye krav frå EU

Publisert 24.09.2010 av Sjømat Norge

Industri

FHL vart invitert til møte med Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) og Fiskeridirektoratet (Fdir) 16. september for å bli orientert om status i denne saka.

FKD står fast på at det er forhandla fram ein avtale mellom Noreg og EU-kommisjonen som regulerer norsk gjennomføring av EU-forordninga om fangstsertifikat. I denne avtalen ligg det at EU aksepterer det norske kontrollsystemet og norske fangstsertifikat basert på godkjende sluttsedlar. Det nye kravet frå EU som inneber at ein skal opplyse om faktisk brukt vekt av kvar sluttseddel er difor ikkje akseptert av norske styresmakter, og er heller ikkje innført som eit krav for å skrive ut norske fangstsertifikat.

 Norske styresmakter har hatt høg aktivitet på ulikt nivå etter at dei nye krava frå EU vart kjende. Det har på embetsverksnivå vore møter med IUU-arbeidsgruppa i Kommisjonen. Der har Kommisjonen understreka at innstramminga ikkje er gjort med sikte på å hindre handel med Noreg. Frå norsk side er det kravd at ein må etablere unntaksordningar som sikrar handelen med Noreg. Det har og vore møter på politisk nivå ved statssekretær Vidar Ulriksen der den same bodskapen er presentert.

EU-kommisjonen har i skriv til alle medlemsland bedd om at ein etter 15. august ikkje skal akseptere import av fiskeprodukt som ikkje har korrekt oppgitt produktvekt og landa vekt. Medlemslanda vert bedne om å utføre verifikasjon på fangstsertifikat der det er for stor skilnad mellom produktvekt og landa vekt. Det er førebels få tilbakemeldingar om at land /grensestasjonar praktiserar denne nye ordninga strengt. Men det har vore nokre døme på seinsommaren der det har vore problem med å få norske varer inn i EU.

 I dei tilfelle der det har vore problem med innførselen har Fiskeridirektoratet tatt kontakt med det aktuelle medlemslandet for å verifisere forsendinga, og for å klargjere korleis det norske systemet fungerer. Tilbakemeldinga frå F.dir til FHL er at dersom bedrifter har problem med å få godkjend norske fangstsertifikat vil F.dir på svært kort varsel kunne hjelpe bedriftene med å stadfeste at fangstsertifikatet er godkjend av norske styresmakter. Det vert også vist til uformell kontakt med svenske styresmakter som ikkje kjem til å endre praksis førebels.

Norske styresmakter held fast på at dei har ei klar målsetjing om at EU må gjere eit unntak for norske fangstsertifikat når det gjeld det nye kravet om vekt. Det er planlagt nye møter med Kommisjonen i nær framtid.  FHL støttar sjølvsagt dette arbeidet. Vi har òg signalisert til FKD at dersom ikkje Noreg får gjennomslag for eit krav om unntak må ein vurdere ei WTO-sak mot EU. Så lenge EU ikkje har tilsvarande kontroll- og sporingsgkrav til eigen fangst og industri er denne ordninga i strid med viktige handelspolitiske prinsipp i WTO-regelverket.

For ytterligere informasjon: Kristin Alnes, fagsjef, FHL, Tlf: 918 23 581 Epost: kristin.alnes@fhl.no


Vil du lese mer?

OPPTIL 98 PROSENT KUTT? – Hva skjer med havbruket?

Publisert 24.09.2010 Industri

Frokostmøte (digitalt): Menon-rapporten / Fredag 13. november 08.00 – 09.00 (klikk her)Følg lenken og bli med på...

Gratis bransjesamling for næringsmiddelindustrien

Publisert 24.09.2010 Industri

To dager med faglig påfyll, erfaringsutveksling og nettverksbygging. Helt kostnadsfritt. Det partssammensatte IA-bransjeprogrammet inviterer ledere, tillitsvalgte og verneombud i...

SmartSjø27 – møteplassen for havbruk, teknologi og service

Publisert 24.09.2010 Industri

27.–28. januar 2027 inviterer Sjømat Norge Havbruk Midt og Sektorgruppe teknologi og service til SmartSjø27 på Britannia Hotel...

Sjømat Norge - en landsforening i NHO

firmapost@sjomatnorge.no

99 11 00 00

Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo

  • Om oss
  • Styret
  • Øvrige tillitsvalgte
  • Administrasjonen
  • Forhandlingsutvalg
  • Seafood Federation
  • Høringsuttalelser
  • Kalender
  • Fagområder
  • Materiell
  • Presse

Designet og utviklet av Journey Agency

  • facebook
  • instagram
  • paper
  • Personvern
  • Cookies