
– Dette vil bety at leverandør og servicenæringen til havbruk endelig kan ta i mot lærlinger, sier Øyvind A. Haram. FOTO: Sjømat Norge.
– Dette er en slitesiger og viser at ein ikkje må gjeve opp, seier kommunikasjonssjef Øyvind André Haram.
Måndag denne veka kom beskjeden frå Kunnskapsdepartementet om at ein no seier ja til å splitte dagens fagbrev i to.
– Det betyr i praksis at når elevane på VG2 er ferdig med skulebenken og skal ut i lære så kan dei velje. Å gå vegen som i dag og ta eit fagbrev i akvakultur, eller om de vil ta læretida og gå opp til fagbrev i det som vi kallar havbrukstekniker, seier Haram.
30 år
Dagens fagbrev er over 30 år gamal og har vore lite endra på sidan 1989 då det vart innført. For seks år sidan tok havbruksmiljøet i Ytre Namdal kontakt med Sjømat Norge. Sidan har ein saman arbeida for å til ei endring.
– Eg vil fyrst og fremst takke Halvor Mortensen ved VAL vgs og alle i havbruksmiljøet i lokalmiljøet rundt for at ein har stått på. Dei har vore særs dyktige i arbeidet med å konkretisere og vise kvifor dette er så nødvendig. Utdanningsdirektoratet har og vist god forståing for kvifor dette er viktig.
Årsaka til at ein vil splitte fagbrevet handlar i all hovudsak om alle endringane som er kome i havbruk dei siste ti åra.
– Ting er heilt annleis enn kva det var då dagens fagbrev vart innført. Ein har svært mykje teknologi som krev kunnskap om korleis ein handterer utstyret. Ein har fleire båtar som driv ulike type operasjonar relatert til produksjonen. Det seier seg sjølv at å kunne alt dette samtidig som ein skal røkte fisk er krevjande.
Fagplan
No starter arbeidet, saman med Utdanningsdirektoratet, å skrive endelege læreplaner for VG3, slik at dei som ønskjer kan så tidleg som mogeleg starte å gå i lære hjå dei lange service- og leverandørbedriftene som har etterspurd dett ei lang tid.
– Vi har allereie lagt på bordet det vi meiner ein læreplan bør innehalde, så eg håper alt er klart, så kan dei fyrste ta fagbrevet i løpet av neste år, seier Haram.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Frokostmøte (digitalt): Menon-rapporten / Fredag 13. november 08.00 – 09.00 (klikk her)Følg lenken og bli med på...
To dager med faglig påfyll, erfaringsutveksling og nettverksbygging. Helt kostnadsfritt. Det partssammensatte IA-bransjeprogrammet inviterer ledere, tillitsvalgte og verneombud i...
27.–28. januar 2027 inviterer Sjømat Norge Havbruk Midt og Sektorgruppe teknologi og service til SmartSjø27 på Britannia Hotel...