Eit godt grep frå Regjeringa


Publisert 09.05.2020 av Øyvind André Haram Sjømat Norge

Regjeringa kjem næringa i møte og foreslår no å tilføre GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) 20 milliardar kroner til kredittforsikring.

Sjømatnæringa er ein stor brukar av kortsiktige kredittforsikringar. Heile verdikjeda er avhengig av ein velfungerande kredittforsikringsmarknad for å sikre flyt i omsetjing og eksport.

Koronaepidemien har gitt ei usikkerheit i dei fleste marknader som ikkje er handterbar for den einskilde aktør. Det har også medført at kredittforsikringsselskapa ikkje er i stand til å oppretthalde tilbodet av forsikring. Administrasjonen i Sjømat Norge har i løpet av dei siste vekene sett tydelege teikn på at dette har hindra eksport, også til normalt gode og sikre marknader.

Sjømat Norge har difor etterpurd denne styrkinga av tilbodet av kredittforsikring overfor styresmaktene, og vi er no letta over at dette ser ut til å kome på plass. Med denne ordninga i funksjon ser det ut til at vi med større sikkerheit kan halde ein større del av eksporten i gang. Ved at staten går inn og tek ein del av risikoen gjer ein det mogeleg både for seljar og kjøpar og halde handelen i gong.

Vil du vite mer?

 
Kristin Alnes
Kristin Alnes
Fagsjef industri og handel
Mobil: 918 23 581

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø