Ingen andre råvarer frå Noreg kan vise til slik ærverdig historie, engasjement og ikkje minst hyggje rundt matbordet. Den salta og tørka fisken, som i dag produserast enten av torsk, sei, lange, brosme eller hyse, har i fleire hundre år vore ei svært viktig handelsvare. Måndag 7. Januar og onsdag 9. Januar ønskjer Arne Hjeltnes og Arne Brimi å fortelje historia på norsk tv.
– Det er ei utruleg spanande historie. Det er ei soge om internasjonal handel, verdiskaping langs kysten og spanande mattradisjonar på andre sida av jorda.
– Skil den seg slik ut?
– Tenkje seg til i små sjapper er dei einaste internasjonale matvarene Coca-Cola og norsk
klippfisk, seier sjømatentusiasten Arne Hjeltnes.
I beste sendetid
”Frå Andøya til Rio” er tittelen på dei to programma som Hjeltnes har laga saman med sin trufaste reisekokk Arne Brimi.
– Me byrjar i nord, er med på å fiska torsken nord for Andøya, følgjer den nedover kysten til Nordmøre og Sunnmøre, og dreg så ut i verda til Portugal, Brasil og Den Dominikanske Republikk. Me fortel soga om korleis det byrja på 1600 talet og ser kor sterkt klippfisken står i dag.
– Kva veit nordmenn om klippfisk i dag?
– Eg trur dei veit lite. Mange blandar klippfisk med tørrfisk. Me ønskjer å vise både historie, kokekunst og ikkje minst kor fantastisk denne råvaren er. I tillegg er dette ei soge om fiskarane i nord, den norske torsken og korleis byar som Kristiansund og Ålesund har blitt til.
Meir variasjon
Få nordmenn har i dag høyrd om klippfisk. Langt færre om bollinjos (klippfiskbollar) eller at spanske og portugisiske kvinner helst må kunne 365 ulike klippfiskoppskrifter før dei kan gifte seg.
– Eg trur vi her i landet treng meir variasjon til. "Brimien" bidreg i så måte i dette programmet, saman med kokkar frå alle verdshjørne, med spanande rettar folk kan bruka klippfisk
til. Det er nesten ingen grenser, seier Hjeltnes.
Vil du lese mer?
Høstmøte i Havbruk Vest blir avholdt 6. november. Påmelding kommer!
Dato er satt – det er bare å legge inn i kalender. Programmet blir lagt ut her...
Miljødirektoratets tilsynsaksjon viser tydelig at vi kan bli bedre, sier Sjømat Norge og Sjømatbedriftene.