• Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
  • Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
Sjomatnorge.no > Om Sjømat Norge > Allergisk mot grønvasking 

Allergisk mot grønvasking 

Publisert 05.07.2024 av Øyvind André Haram

Om Sjømat Norge

Mats skal hjelpe sjømatbransjen til å ta ned miljøpåverknadane. No byrjar han i Sjømat Norge.

– Eg tenkte då eg såg annonsen, at den var heilt tilpassa meg.

Mats William Snåre er spent. Denne veka tek han steget vidare i yrkeskarrieren, i heilt ny stilling i Sjømat Norge innan industriell økologi.

– Ja, eg skal innrømme at det nok ikkje er mange som har høyrd om dette. Det er ganske nytt, men eg kan love at om nokre år så trur eg dette er på alle sine lepper, meir slik ordet berekraft har vore dei siste åra.

Alt du gjer

Stikkorda for det Mats skal arbeide med handlar nemleg om alt ei bedrift gjer og i kva grad det påverkar miljøet. På fagspråket kallast det livsløps analyser, noko EU har arbeida med i lang tid. (LCA – Life Cycle Assesment)

Mats William Snåre er 37 år, fra Ås i Akershus og byrjer i Sjømat Norge 1. juli. Foto: Ø. Haram / Sjømat Norge.

– Dette kjem berre meir og meir. Det blir spennande å ta dette vidare og jobbe meir med korleis regelverket blir og ikkje minst gjere det forståeleg.

– Og du har eige utdanning i dette?

– Ja eg tok industriell økologi utdanning på NTNU. Eg har biologiutdanning i botn og gjekk vidare på dette. Det er ei to års masterutdanning. Det handlar om å sjå på kva dei ulike ledda i det du gjer i eit selskap. Alle råvarer, alt du bruker. Ein ser på bidraget frå alle ledd og i kva grad dette påverkar ei rekkje miljøfaktorar.

Kravet om bærekraft har vore sterkt i marknadane innan sjømatsektoren i lang tid og vil auke framover. Adm. dir i Sjømat Norge Geir Ove Ystmark seier at bakgrunnen i den nye stillinga er krav.

– Kravet om bærekraft er sterkt i markedene og øker fremover. Forbrukere og varehandelen ønsker å vite mer om fotavtrykket. Det forsøkes i dag løst gjennom frivillige sertifiseringsordninger som MSC og ASC. Fremover blir dokumentasjonskravene fra blant annet EU enda sterkere. Da har vi behov for folk som kan hjelpe bedriftene med å få system for god miljødokumentasjon. Det er denne typen miljødokumentasjon som er svaret på blant annet Forbrukerrådets ønsker om merinformasjon til forbrukerne. Så vil det være opp til selskapene hva de velger å dokumentere. 

Miljødokumentasjon som dette er blant anna svaret på blant annet Forbrukerrådet sine ønskjer om meir informasjon til forbrukarane.

– Dette er et arbeid som Henrik Stenwig har holdt i hos oss, og som jeg er trygg på at Mats kan videreføre med tyngde. 

Tilbake på Austlandet

Mats har sidan 2017 vore tilsett i Cermaq og budde fleire år i Steigen. Han er frå Ås i Akershus, men er no busett i Drøbak med kone, ein gut på tre år og ei nyfødd jente på tre månadar.

– Vi hadde det svært bra i Steigen. Hadde det ikkje vore fordi det er svært langt unna familie, så hadde vi kanskje vorte buande. Det er fantastisk å ha slik flott natur i nabolaget.

– Du er glad i naturen?

– Ja eg set stor pris på særleg havet og ikkje minst det å springe. Eg er og glad i å bruke nevane, det har vore mykje oppussing av hus siste åra. Om eg skulle ha vald på nytt, så trur eg kanskje eg hadde blitt handverkar.

Eg er trygg på at Mats kan vidareføre arbeidet Henrik Stenwig har gjort med tyngde.

Geir Ove Ystmark, adm.dir Sjømat Norge

Treng meir kunnskap

Utdanninga han har vil kome svært godt med i arbeidet i Sjømat Norge. Han skal på sikt ta over det arbeidet innan såkalla miljøregnskap, som Henrik Stenwig har jobba med i fleire år. 

– Sjømat Norge har vore tett på EU i denne prosessen. Det må vi framleis vere. Vi må gjere ting rett og dra toget i rett retning.

– Kva legg du i det?

– Eg er allergisk mot grønvasking. Eg har eit ønskje om at sjømatbransjen skal vere leiande der og ha god oversikt. Det handlar om å ha god kunnskap og ikkje minst vite kva som skjer i alle ledd.

– Du gleder deg?

– Dette ser eg verkeleg fram til. Det blir kjempespennande. Sjømat Norge verkar å vere ein svært flott arbeidsplass.


Vil du lese mer?

HMS – konferansen 2026

Publisert 05.07.2024 Om Sjømat Norge

Dato er satt – det er bare å legge inn i kalender. Programmet blir lagt ut her...

– Vi har et forbedringspotensial

Publisert 05.07.2024 Om Sjømat Norge

Miljødirektoratets tilsynsaksjon viser tydelig at vi kan bli bedre, sier Sjømat Norge og Sjømatbedriftene.

Klart for lokale forhandlinger

Publisert 05.07.2024 Om Sjømat Norge

Årets mellomoppgjør er vedtatt av LO/YS. Det betyr at lokale forhandlinger kan starte.

Sjømat Norge - en landsforening i NHO

firmapost@sjomatnorge.no

99 11 00 00

Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo

  • Om oss
  • Styret
  • Øvrige tillitsvalgte
  • Administrasjonen
  • Forhandlingsutvalg
  • Seafood Federation
  • Høringsuttalelser
  • Kalender
  • Fagområder
  • Materiell
  • Presse

Designet og utviklet av Journey Agency

  • facebook
  • instagram
  • twitter-x
  • paper
  • Personvern
  • Cookies