Sjømatnæringa er ein stor brukar av kortsiktige kredittforsikringar. Heile verdikjeda er avhengig av ein velfungerande kredittforsikringsmarknad for å sikre flyt i omsetjing og eksport.
Koronaepidemien har gitt ei usikkerheit i dei fleste marknader som ikkje er handterbar for den einskilde aktør. Det har også medført at kredittforsikringsselskapa ikkje er i stand til å oppretthalde tilbodet av forsikring. Administrasjonen i Sjømat Norge har i løpet av dei siste vekene sett tydelege teikn på at dette har hindra eksport, også til normalt gode og sikre marknader.
Sjømat Norge har difor etterpurd denne styrkinga av tilbodet av kredittforsikring overfor styresmaktene, og vi er no letta over at dette ser ut til å kome på plass. Med denne ordninga i funksjon ser det ut til at vi med større sikkerheit kan halde ein større del av eksporten i gang. Ved at staten går inn og tek ein del av risikoen gjer ein det mogeleg både for seljar og kjøpar og halde handelen i gong.
Vil du vite mer?
Vil du lese mer?
Antall laks og ørret som dør i norsk lakse- og ørretoppdrett har falt kraftig de siste årene....
Geopolitisk uro gjør det enda viktigere å sikre tilgang til stabile markeder. Japen er allerede et av...
Sjømat Norge har overlevert forslag til en samlet reformpakke for fremtidens havbruksregulering til fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.