– Vi forventar at strategien ikkje får negative konsekvenser for sjømatnæringa, seier organisasjonane i eit ope brev.
I brevet som er sendt statsrådane i fiskeri- og kyst, miljø samt næringsdepartementet, ber FHL saman med Fiskarlaget og NSL om eit møte for å klarleggje situasjonen rundt mineralstrategien. Hensikta med brevet og ønskje med møtet er å samordne regjeringa si komande mineralstrategi med stortingsmeldinga om «Norge som verdens fremste sjømatnasjon».
– Me ønskje rein open og tverrfaglig debatt om korleis mineralressursane kan utnyttast på ein samfunnsmessig god måte, utan at dette øydelegg for sjømatnæring, gyteområder, kyst- og fjordmiljø, seier dei tre næringane i brevet.
Der heiter det og at "Vi forventer at en kommende mineralstrategi vil bidra til å beskytte nøkkelområder for fiskeri- og havbruksnæringen mot skadelige utslipp og påvirkninger fra gruveindustrien".
Like krav
Det peikast også på at det vil vere svært oppsiktsvekkande og uakseptabelt dersom den komande mineralstrategien legg opp til at Noreg skal ha svakare miljø- og utslippskrav enn det som er vanlig internasjonalt.
Sjømatnæringa viser til at hensynet til sjømatnæring, kyst- og fjordmiljø, mattryggleik og gyteområder har vore utelatt i fleire sentrale nasjonale prosesser.
Det forventast at den komande mineralstrategien, saman med den nye sjømatmeldinga, bidreg til å rydde opp i desse forholda.
Dei tre sjømatorganisasjonane etterlyser også ein konkret tilbakemelding frå statsapparatet om korleis handsaminga av søknader om store forureinande utslepp i kystsonen kan verte meir kunnskapsbasert, tverrfagleg og tillitsvekkande.
"Det uttrykkes stor undring over at det ennå ikke er gitt en slik konkret tilbakemelding, mer enn to år etter at innspillene om dette først ble gitt" – heiter det i brevet.
Organisasjonane reknar med at forslaget til mineralstrategi sendast ut på ei brei offentleg høyring, etter at eit utkast er utarbeida. Berre slik kan strategien få nødvendig legitimitet hjå berørte partar.
Kontaktperson:
Jan Henrik Sandberg i Norges Fiskarlag Mobil: 976 82 469
Vil du lese mer?
Årsmøte for Havbruk Vest arrangeres på Solstrand Hotel & Bad 7. februar.
Sjømat Norge søker flere medarbeidere. Vi er på jakt etter en kommunikasjonssjef og en fagsjef industri.
Sjømat Norge ønsker alle et godt sjømatår 2025.