– Vi er einige i målet om å løyse utfordringane med lus og rømming. No er det viktig at vi finn løysningar som ivaretar både miljøhensyn og arbeidsplassar.
Fiskeri- og kystdepartementet la ut Hardangerfjordforskrifta på høyring i februar 2011. Forskrifta er meint å bremse vidare vekst i havbruksnæringa i regionen av omsyn til villaks og aure. Havbruksnæringa har tidlegare peika på at forskrifta vil få store konsekvensar for sysselsetting og verdiskaping i regionen.
– Når ein driv med matproduksjon i fjordane, må ein også ta vare på havmiljøet. Vi forstår at regulering av laksenæringa må til. Dei seinare åra har ei rekkje særforskrifter allereie redusert produksjonen i regionen, og ei rekkje tiltak mot lus og rømming er innført. Vi meiner det er viktig å evaluere effektane av desse tiltaka før ein sett inn nye tiltak, seier Algrøy.
For å framskaffe eksakt kunnskap, har Asplan Viak på oppdrag frå FHL gjort ein analyse av dei økonomiske konsekvensane for næringslivet og lokalsamfunna ved ei innføring av forskrifta.
Analysen viser at tapet i produksjonskapasitet kan bli inntil 60.000 tonn og medføre eit omsetingstap på heile 1,8 milliardar kroner årleg.
– Denne forskrifta vil påføre Hardanger, Sunnhordaland og heile Vestlandet skade som er langt verre enn nokon kunne sett for seg, understreker Algrøy.
Medrekna ringverknadane i heile Vestlandsregionen kan talet på tapte arbeidsplassar bli mellom 900 og 1260. Algrøy meiner analysen frå Asplan Viak viser at skadeverknadane på bedrifter og lokalsamfunn er for store.
Laksebedriftene i regionen har over tid tatt store omstillingskostnader for å tilpasse seg den nye situasjonen og sikre at miljøpåverknadene ikkje er uakseptable. Hardangerfjordforskrifta er foreslått innført frå 2013 og tek sikte på å regulere produksjonsvolumet på selskapsnivå og lokalitetsnivå. Rapporten frå Asplan Viak er ein ringverknadsanalyse basert på det opprinnelege forslaget til forskrift. FHL er opptatt av at ein no finn løysningar som ivaretar både miljøhensyn og arbeidsplassar.
Vil du lese mer?
Sjømat Norge understreker viktigheten av en bærekraftig og forutsigbar forvaltning av snøkrabben som en ny og verdifull...
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?