• Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
  • Fagområder
  • Om oss
    • Styret
    • Øvrige tillitsvalgte
    • Administrasjonen
    • Forhandlingsutvalg
    • Seafood Federation
  • Medlem
    • Medlemsfordeler
  • Materiell
  • Kontakt
  • English
Sjomatnorge.no > Sjømat Norge > – Vi treng å vise fram kva vi gjer!

– Vi treng å vise fram kva vi gjer!

Publisert 19.06.2011 av Sjømat Norge

Sjømat Norge

Røktar ved Bjørøya Fiskeoppdrett viser fram forflåten og overvåkning av laks til komande generasjoner!

– Dette var imponerandes. Eg har aldri vore på eit slikt anlegg før. Eg tenkte det var mindre og langt i frå så effektivt. Dette var noko heilt anna enn kva ein får inntrykk av gjennom media.

Mannen i 40 åra har tatt med seg familien på fire frå Steinkjer. Dei såg tilfeldigvis omtalen i Trønder-Avisa og vart nysgjerrig.

– Så flott arrangement, god mat og ikkje minst veret som viser seg frå si beste side. Vi har hatt ein knall dag. Det er vel verdt ein times køyretur.

Slo på stortromma
Familien frå Steinkjer var nokre av nærmare 500 som hadde tatt turen til Flatanger laurdag. Dei besøkjande kunne velje mellom grilla laks, kajakk, rappelering, fiskekonkurranse og ikkje minst tur på sjøen ut til sjølve matfiskanlegget i fjorden like ved.

– Vi slo litt på stortromma i år og markere opninga litt meir enn kva me har gjort tidlegare. Vi ønskja fyrst og fremst og invitere folk i regionen. Mange har ikkje vore her før og me vil gjerne vise kva det er me gjer, seier Per Anton Løfsnes, dagleg leiar ved Namdal Akvasenter.  

– Kvifor?

– Vi er ein av dei største arbeidsplassane i kommunen, vi betyr mykje for bygda og regionen. Visningsanlegget skal vere ein stad dit folk kan kome og sjå. Her produserer vi sunn frisk laks. Det bør regionen og innbyggjarane og vere stolte av.

Godt inntrykk
Senteret i Flatanger er eit av i alt elleve visningsanlegg langs kysten og er samlokalisert og eigd av Bjørøya Fiskeoppdrett. Tidlegare i år valde dei elleve anlegga å gå saman i ei eiga stifting.
 
– Ein slik visningskonsesjon skal leggje til rette for at både turistar, skuleklasser og alle andre kan bli meir kjend med norsk havbruk.

– Og etter ein slik dag er målet?

– At folk får eit positivt inntrykk og fortel om det til kjende. Det er mange som meiner noko om havbruk, men aldri har vore på eit anlegg. Dei treng å vite kva det er me gjer. Vi har ingenting å skjule, seier Per Anton Løfsnes.
 


Vil du lese mer?

Svært viktige forskningsmidler

Publisert 19.06.2011 Sjømat Norge

Sjømat Norge roser regjeringen for mer penger til fiskeriforskning i revidert statsbudsjett.

Sjømaten er den del av klimaløsningen

Publisert 19.06.2011 Sjømat Norge

Sjømat som del av klimaløsningen

Sjømat Norges høring til Havbruksmeldingen

Publisert 19.06.2011 Sjømat Norge

Havbruksmeldingen mangler konsekvensutredning på sentrale områder.  

Sjømat Norge - en landsforening i NHO

firmapost@sjomatnorge.no

99 11 00 00

Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo

  • Om oss
  • Styret
  • Øvrige tillitsvalgte
  • Administrasjonen
  • Forhandlingsutvalg
  • Seafood Federation
  • Høringsuttalelser
  • Kalender
  • Fagområder
  • Materiell
  • Presse

Designet og utviklet av Journey Agency

  • facebook
  • instagram
  • twitter-x
  • paper
  • Personvern
  • Cookies