Berekraft og fotspor gav rekordoppmøte då Vestnorsk Havbrukslag samla medlemmer til årsmøte i Os, utanfor Bergen denne veka. Eit av foredraga det var knytt mest forventing til var avdelingsdirektør Yngve Torgersen i Fiskeri og Kystdepartementet. (FKD) Torgersen var invitert for å snakke om kva samfunnet toler frå havbruk.
– De ønskjer å vokse. Dersom me skal snakke om dette i 2012, må de fyrst ta viktige og riktige grep, sa Torgersen.
Lusa er viktigast
Utfordringane FKD peikar på er fyrst og fremst lakselusa.
– Det er ingen tvil om at spørsmåla rundt lusa må løysast. De må gjere noko med resistensproblematikken. Ta i bruk all teknologi og forsking som er mogeleg, sa Torgersen.
Svinn og røming var og på lista frå departementet. FKD meiner og at ein kan gjere meir med verdiskapinga.
– Løyser de desse utfordringane, er det mogeleg å snakke om auka produksjon. Grepa er det dykk som må ta no. Ser me fram i tid om ti år, kan det godt bli 1,6 million tonn som vert produsert. Det kan og bli nullvekst. Worst case scenario er ein reduksjon.
Frys i Hardanger
Torgersen kom til årsmøtet på Solstrand i Os kommune, direkte frå eit møte mellom havbruksnæringa og forvaltninga. Den mykje omtalte Hardangerføreskrifta var tema for møtet i departementet. Etter mykje diskusjon og usikkerheit, nytta Torgersen høve til å forklare nærmare.
– Det er ingen tvil at havbruk og mengda i Hardanger er mykje diskutert.. Ein ting er klart frå FKD si side. Vi har sett eit tak på 50.000 tonn. Med det meinast at den ståande biomassen til ei kvar tid ikkje skal overstige dette talet.
Leiar i Arbeidsutvalet i Vestnorsk Havbrukslag, Sveinung Sandvik var og med på møtet i Oslo.
Det er altså ikkje snakk om å ta ned ståande biomasse, men at me skal fryse på 50.000 tonn. Talet kan nok diskuterast, men det var viktig for oss å få denne avklaringa. Det er viktig for verdiskapinga og sysselsettinga i Hardanger, sa Sandvik.
Vil du lese mer?
Sjømat Norge understreker viktigheten av en bærekraftig og forutsigbar forvaltning av snøkrabben som en ny og verdifull...
Hvilke matvarer skal det være mulig å markedsføre til barn?
Hva mener vi om regelverk for akvakultur på land?