Kronikk av Sveinung Sandvik, oppdrettar og leiar av Vestnorsk Havbrukslag.
1. juni starta laksesesongen for fullt over store delar av landet. Offentlege rapportar viser at fisketrykket i periodar har vore så sterkt at knapt 20 prosent av laksen som kom inn til kysten faktisk fekk gyte.
Styresmaktene vil i sterkare grad stramme inn laksefisket i dei minst robuste vassdraga.
Like sikkert som laksen også i år vil søkje tilbake til elvane, like sikkert startar laksefisket. Vi har ei rekkje robuste villaksvassdrag her til lands, og vi unner sportsfiskarane gleda av å hauste overskotet som naturen gir oss. Men beskatninga må ikkje få halde fram også i vassdrag der villaksen strever med å overleve.
Like sikkert som avisene ryddar plass for laksebørs og gode fiskehistorier, vil vi få sjå pengesterke laksefiskarar frå inn- og utland lokke laksen på kroken. Stolt blir dei fotograferte med fangsten på elvekanten. Men like sikkert vil mange av oss sjå på det heile med vantru. Er det dette som vert kalla “naturleg og berekraftig skattlegging” av ein svekka art?
Difor er det godt å sjå at styresmaktene i sterkare grad vil stramme inn laksefisket i dei minst robuste vassdraga. Medisinen er regulering av fisket og varsel om at det kan bli innført fiskeforbod. Det er på høg tid, og vi får tru at styresmakter og forvaltning står imot protestane frå fiskarar som syt over at dei kanskje ikkje får ta opp meir enn éin storlaks per dag i sesongen.
Offentlege rapportar viser at fisketrykket i periodar har vore så sterkt at knapt 20 prosent av laksen som kom inn til kysten faktisk fekk gyte. Når ein bestand er i dramatisk dårleg forfatning, krev det gjerne dramatiske tiltak som fiskestopp. Det som no skjer, er at fritidsfiskarane opplever det same som yrkesfiskarane har opplevd ved fleire høve opp gjennom historia. Skilnaden er at yrkesfiskaren og hans familie kan miste levebrødet i slike situasjonar, medan sportsfiskaren berre må finne seg i å leggje fisketuren til ein annan stad.
Det vi likevel har stor respekt for, er næringane som sportsfisket byggjer på. Det finst seriøse elveeigarar og laksekamp-drivarar som opererer ansvarleg, og som gjerne vil sette inn fleire tiltak som reelt kan medverke til å styrke villaksen i elvane. Dette er svært positivt, og oppdrettsnæringa har fleire stader i landet etablert både økonomisk og praktisk samarbeid med desse aktørane, nettopp fordi målet er felles: Vi vil sikre sterke laksestammar og ei robust laksenæring langs vassdraga.
Samstundes ser og høyrer vi om laksefiskarar som enno ikkje vil ta inn over seg at ein ikkje kan ture ukritisk fram mot ein svak bestand. Nokre av dei mest ihuga fiskarane krev i staden at dei skal få drive med fang-og-slepp-fiske. På den måten kan same lakseindivid underhalde fiskarane fleire gonger før den må bøte med livet. Det finst altså fiskarar som gjerne vil kjøre kroken i laksen både fem og åtte gonger før dei tek fram kniven.
Til overmål ville Direktoratet for naturforvaltning (DN) gi grønt lys til dette hausten 2007. Frå sidelinja var det vanskeleg heilt å tru på det vi såg og høyrde. Hadde ein lakseoppdrettar praktisert eit slik syn på fiskevelferd, ville Mattilsynet eller miljørørsla meldt saka til politiet. Takk og pris sette Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet ned foten den 28. januar i år. To dagar etter snudde også DN i saka.
Så er det slik at mange hevdar at rømt oppdrettsfisk kan vere årsak til at norske villaksstammar har døydd ut. Det finst det ikkje belegg for. Ferskvassparasitten Gyrodactylus salaris, forsuring, kraftutbygging og grusuttak i elvane, dårleg næringstilgang i havet og lakselus er derimot faktorar som DN peikar på som viktige årsaker til at villaksen strevar.
Oppdrettsnæringa avviser ikkje at rømt oppdrettsfisk er eit problem. Difor har næringa teke konsekvensen av dette og sett inn massive tiltak. Den trugselen som faktisk har potensial til å utrydde villaksen er gyro-smitten som elveeigarane sjølv importerte til norske vassdrag på 1970-talet. I alt 10 laksestammar har gått tapt, og fleire er i fare. Det er ein seig kamp som må førast mot den gjenstridige parasitten. Av 46 infiserte vassdrag er berre 15 friskmeldt etter giftbehandling med rotenon og aluminium.
Denne smittetrugselen blir verre og verre, og difor er det heilt uforståeleg at innsatsen mot gyro ikkje blir trappa opp. I 2007 vart det løyvd 51 millionar kroner til kampen mot gyro. Det er meir enn 40 millionar mindre enn det DN meiner må til.
Samstundes har oppdrettsnæringa dei siste åra investert fleire milliardar kroner i sikrare utstyr og tiltak for å redusere lakserømmingane. Det er i tillegg sett i verk tiltak for å dempe lakselusproblemet. Innsatsen gir gledelege resultat. Talet på rømt fisk vart halvert i 2007, og målet for 2008 er 30 prosent reduksjon i tillegg. Vi kan konstatere at innslaget av rømt laks i vassdraga har gått ned, og næringa jobbar vidare for å oppnå enda større reduksjon.
Kjære laksevener, sportsfiskarar og lakseforvaltning: Legg merke til at innsatsen frå oppdrettsnæringa har effekt. Det store poenget er at kampen for å sikre livskraftige villaksstammar, krev tiltak mot alle trugselfaktorane. Oppdrettarane vert mistenkjeleggjort når vi peikar på dette. Nokon meiner vi prøver å vri fokus vekk frå rømmingsproblemet. Slik er det ikkje. Nettopp i lys av den viljen, økonomiske innsatsen og tiltaka som oppdrettarane har lagt for dagen, fell denne kritikken på steingrunn. Oppdrettsnæringa viser handlekraft, og innsatsen gir resultat.
Denne kronikken sto på trykk i avisa Bergens Tidende 5. juni 2008.
Vil du lese mer?
Mattilsynet og Helsedirektoratet trenger mer ressurser for å gi gode kostholdsråd til barn og unge.
Meldingens viktigste formål er å gjøre Norge bedre forberedt på kriser og krig.
– Min opplevelse er at vi jobber nå enda tettere på problemstillingene, sier Skaar Amthor.