Framleis høg interesse for sjømatutdanning


Publisert 27.04.2022 av Øyvind André Haram Rekruttering

Tala for søkjarar til høgare utdanning i Noreg, vart onsdag lagt fram av Kunnskapsdepartementet. Forsking- og høgare utdanningsstatsråd Ola Borten Moe, la fram tal som viser at det er 19.134 færre søkjarar til i 2022 samanlikna med fjoråret. Det tilsvarar om lag 12 prosent. Legg ein saman alle tilbod innan sjømatfag, er interessa for sjømatutdanning derimot berre 5 prosent.

Fleire samlingar

Vi har hatt svært høge søkjartal i mange år. Det er ikkje overraskande at det då går noko ned. Eg ser likevel at interessa er sterkt til stades hjå unge i Noreg, seier fagansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge, Ole Troland.

– Interessen for sjømat er stor hjå unge i Norge i dag, seier fagansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge, Ole Troland. FOTO: Øyvind A. Haram/Sjømat Norge

 Tala på landsbasis seiast å vere slik fordi mange ikkje har hatt høve til å ta seg eit «pauseår», der ein ønskjer å jobbe eller reise, som følgje av pandemien. Det har nok også spelt inn for sjømat. Troland forklarer derimot at interessa kring sjømat er svært sterk.

– Berre sidan pandemien «letta opp» på nyåret har eg vore på ei rekkje samlingar for unge. Det har nesten vore noko kvar veke. Vi har så mange som tek kontakt som vil vite meir om sjømat. Difor kan ein på langt nær seie at interessa minkar.

Berre sidan pandemien “letta opp” på nyåret har eg vore på ei rekkje samlinglar for unge.

Ole Troland, fagansvarlig kompetanse og rekruttering.

Breiare kompetanse

Det er i dag sju ulike studietilbod som er mogeleg å hente ut tal frå i søkjartala som ligg ute hjå samordna opptak. Utdanningane i dag er:

Den store blå festen, i Bergen tidligere i år, er et av mange arrangement for unge.
  • Fiskeri og havbruksvitskap – Universitetet i Tromsø
  • Ingeniør havbruk –  NTNU Trondheim
  • Havbruk (sivilingeniør) – Universitetet i Bergen
  • Havbruksdrift og ledelse – Nord Universitet i Bodø
  • Akvamedisin – Universitetet i Tromsø
  • Akvakultur – NMBU på Ås
  • Biomarin innovasjon – NTNU Ålesund
  • Fiskehelse – akvamedisin – UIB

Tala frå opptaket viser at det er tre studier som har fleire søkjarar. Det er ingeniør for havbruk i Trondheim, sivilingeniørstudiet i Bergen samt fiskehelse – akvamedisin i Bergen. I Bergen har talet søkjarar dobla seg frå 236 til 433 på eit år. Søkjertala for studiet fiskehelse – akvamedisin auka med 7 prosent.

– Som allereie nemnd har det vore oppgang til alle desse studia i fleire år. No har vi eit spennande prosjekt ute saman med FHF som vil gi oss betre kunnskap i kva sjømatnæringa treng av kompetanse i åra som kjem, seier Troland.

Vil du vite mer?

 
Ole Troland
Ole Troland
Rådgiver havbruk
Mobil: 920 53 679
Øyvind André Haram
Øyvind André Haram
Kommunikasjonssjef
Mobil: 908 81 591

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø

Større, viktigere og vanskeligere

Alle skal trygt heim etter jobb

Havbruk, mye mer enn bare laksen

Vi søker juniorrådgiver

Sjømat Norges Årsarrangement 2024

Bergen: Dagskurs i standardbetingelser for tilvirkningskjøp i havbruksnæringen (STH 23)