Sjømat Norge om endringer i tilbudsstrukturen


Publisert 04.09.2017 av Øyvind André Haram Høringsuttalelser  Rekruttering  

Utdanningsdirektoratet har på vegne av Kunnskapsdepartementet sendt ut høyring om korleis ein ser for seg framtidas vidergåande skule for yrkesfaga. Her kan du lese kva Sjømat Norge meiner om forslaga.

– Behovet for kompetanse er enorm, difor er det nødvendig å ha eit best mogeleg tilbod. Vi må vere tett på og leggje til rette for eit godt fagleg tilbod, seier Øyvind Andre Haram, fagleg ansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge.

NHOs kompetansebarometer viste nyleg at sjømatnæringa er heilt i tet når det gjeld behovet for meir kompetanse. Særleg er det yrkesfag og fagskule som er etterspurd i sektoren.

Kunnskapsdepartementet si høyring for yrkesfaga innebærer ei rekkje endringar på fleire området. For sjømatnæringa er det få endringar som er foreslått innan programområdet naturbruk. For restaurant og matfag er det derimot fleire. Sjømat Norge har samarbeida tett med både Faglig Råd for naturbruk, samt Faglig råd for restaurant og matfag om høyringa. I tillegg har ein som vanleg henta inn kommentarar frå medlemsmassen.

Du kan lese høyringssvaret her.

Vil du vite mer?

 
Øyvind André Haram
Øyvind André Haram
Informasjonssjef
Mobil: 908 81 591

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Sjømatbedrifter signerer avtale mot matsvinn

Medlemsmøte i Bodø

Torskefiskuka i Tromsø: Medlemsmøte

Medlemsmøte: Filet av torskefisk

EØS avgjørende for sysselsettingen

– Ta sjømatjobbene på alvor!

Nei til nekt av landingar