Korleis blir framtidas matproduksjon?


Publisert 27.10.2017 av Øyvind André Haram Havbruk Sjømat Norge Industri og handel Kalenderen Arbeidsliv

Er di bedrift klar for nye robotar og maskinar? Kva kompetanse trengst for å møte utfordringane? Saman med NHO Mat og drikke og NNN, inviterer Sjømat Norge til spennande workshop.
Se tid, sted og påmelding

Med støtte frå Hovedorganisasjonane sitt fellestiltak, ønskjer Sjømat Norge å sjå nærmare på korleis framtidas sjømatproduksjon blir. Alle medlemsbedrifter er difor invitert til å setje seg ned rundt bordet for å kartlegge utfordringane.

Øyvind A. Haram har ansvaret for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge. FOTO: Sjømat Norge.

– Enkelt forklart handlar dette om at ein frå leiinga og ein frå tillitsmannsapparatet set seg ned og ser inn i krystallkula. Vi vil kartlegge kva kompetanse og behov som trengst. Vi er nøydt til å møte utfordringane, seier Øyvind Andre Haram, ansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge.

Saman med NHO Mat og drikke og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelforbund (NNN), inviterast matproduserande bedrifter til to dagars workshop i desember.

– NHO sitt kompetansebarometer seier oss at 60 prosent av mat og drikkevareindustrien sine bedrifter har implementert eller har store planar om å ta i bruk ny teknologi og robotisering, seier Haram.

90 prosent av bedriftene seier vidare at dei ønskjer å møte framtidig kompetansebehov ved å leggje til rette for kompetanseutvikling i bedrifta.

Saman
Alle bedrifter frå heile landet inviterast inn til workshopen som vil arrangerast på Gardermoen 5. – 6. Desember. I første rekkje er workshopen eit forprosjekt, som kanskje og kan føre vidare til eit større hovedprosjekt i HF-regi..

Målet er å bidra til at bedriftene i næringsmiddelindustrien, gjennom et godt partssamarbeid kan:

  • utvikle gode metodar for å ta i bruk ny teknologi på ein effektiv måte
  • utvikle gode metodar for å arbeide med kompetansehevande tiltak som sit noverande og framtidige tilsette i stand til å betene nye maskinar og nytt utstyr
  • drive forbetrings- og utviklingsarbeid gjennom medarbeiderdrevet innovasjon

Ønskjer du å delta?

MELD DEG PÅ HER

 

 

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Økt viktighet, økt oppmerksomhet

Haagensen gjenvalgt

Se direkte fra Tromsø

En mer ydmyk sjømatnæring

Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet

One Ocean: De røde lysene truer Vestlandets posisjon

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø