Fiskeindustri for framtida


Publisert 05.05.2015 av Øyvind André Haram Sjømat Norge Høringsuttalelser Industri og handel

Samspel må til for å gjere Noreg meir robust som sjømatnasjon. Det er Sjømat Norges hovudbodskap i høyringssvaret til Sjømatindustriutvalget.

– Skal vi bli verdas fremste sjømatnasjon må grunnlaget for samarbeid mellom fartøy på havet og industrien på land endrast.

Det seier styreleiar i Sjømat Norges Inger-Marie Sperre. Norges største sjømatorganisasjon (tidlegare Fiskeri- og havbruknæringens landsforeining) organiserer fiskeindustrien langs kysten og har no hatt ein grundig gjennomgang av Sjømatindustriutvalgets rapport.

– Våre medlemsbedrifter er samstemte om at analysa ekspertutvalet har gjeve er treffande, både kva gjeld utfordringar og moglege løysningar, seier Sperre.

Inger-Marie Sperre er styreleiar i Sjømat Norge. Foto: Sjømat Norge

Inger-Marie Sperre er styreleiar i Sjømat Norge. Foto: Sjømat Norge

Endringar
Forslaga frå utvalet vart presentert like før jul i fjor. Heile denne våren har forslaga vore på høyring. I sitt høyringssvar peikar Sjømat Norge på ei rekkje utfordringar kring det å drive fiskeindustri i Noreg.

– Trygg økonomi og overskot har vore mangelvare. Dette må vi snu, og vi har tru på at betre dialog og samarbeid må til for å løyse opp.

Rammevilkår er difor eit viktig stikkord i Sjømat Norge sitt høyringssvar.

– Det viktigaste er stabil adgang til marknadane og tilgang på råstoff. Her er det nok å ta tak i. Vilkåra må sjølvsagt være like for alle næringsaktørar. Utvalet legg opp til endringar, noko vi støtter, seier Sperre, som og legg vekt på rammevilkår som legger til rette for innovasjon og fleksibilitet.

– Ein konsekvens av betre samspel og rammevilkår som legg lit rette for markedsbasert hausting, gir og betre kvalitet på det vi leverer. På den måten kan vi nå målet om verdas fremste sjømatnasjon.

Vil du vite mer?

 
Inger-Marie Sperre
Inger-Marie Sperre
Brødrene Sperre AS
Mobil: 924 03 932
Øyvind André Haram
Øyvind André Haram
Kommunikasjonssjef
Mobil: 908 81 591

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Foreslår Haagensen på gjenvalg

Ny NTP – blandet drops

NMBU vant Sjømat Norges idé-konkurranse

Miljøseminar i Florø

Større, viktigere og vanskeligere

Alle skal trygt heim etter jobb

Havbruk, mye mer enn bare laksen

Vi søker juniorrådgiver

Sjømat Norges Årsarrangement 2024

Bergen: Dagskurs i standardbetingelser for tilvirkningskjøp i havbruksnæringen (STH 23)